Foúrni
Foúrni Lokalt namn Φούρνοι | |
---|---|
Foúrni by | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°34′N 26°30′E / 37.567°N 26.500°E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 45,347 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei nordlege egeiske øyane Ikaría |
Største busetnad | Fourni (898 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1 343 (2021[1]) |
Folketettleik | 29,6 /km² |
Fourni (gresk Φούρνοι eller Φούρνοι Κορσέων, Foúrni Korséon), er ei gruppe småøyar i Hellas aust i Egearhavet. Dei ligg mellom Ikaría, Sámos og Pátmos.
Foúrni er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Foúrni 1 343 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 898 innbyggjarar.[1]
Dei to største øyane i gruppa, hovudøya og øya Thýmena er busett. På hovudøya Foúrni ligg den største tettstaden og nord på øya Khrysomiliá, som er den nest største. Dei fleste innbyggjarane er fiskarar, sjølv om dei om sommaren òg driv med turistindustrien, hovudsakleg utleige av rom og restaurantverksemd. På hovudøya finn ein mange flotte stender. Øyane er forholdsvis rolege med ein avslappa atmosfære.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Transport om vinteren (hovudsakleg frå november til april) stoppar ofte opp på grunn av dårleg vêr, hovudsakleg sterk vind. Resten av året går det båtsamband til Ikaría og Sámos.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Foúrni | 1 120 | 898 |
Thýmena by | 136 | 179 |
Khrysomiliá | 104 | 86 |
Kámbi Khrysomiléas | 50 | 44 |
Kámbi Fournón | 15 | 39 |
Andre busetnader på øya er:
- Balí (28)
- Ájos Ioánnis Thermastís (12)
- Kamári (27)
- Keramidoú (12)
- Plajá (12)
- Dafnoliés (3)
Småøyar i kommunen:
- Thýmena (179)
- Ájos Minás (3)
- Alatonísi (0)
- Anthropofás (0)
- Thymenáki (0)
- Kisiriá (0)
- Makronísi (0)
- Mikrós Anthropofás (0)
- Petrokávaro (0)
- Pláka (0)
- Plakáki (0)
- Strongyló (0)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- fourni.com
- Reiseguide for Foúrni Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Fournoi Korseon frå Engelsk Wikipedia .