Hopp til innhald

Affiks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Etterfeste)

Affiks er eit samleomgrep innan språkvitskapen for eitt eller fleire fonem som blir lagt til ordstammen. Affiks blir delte inn i suffiks, eller etterstavingar, prefiks, eller forstavingar, og infiks, stavingar som blir lagt mellom fonem i eit ord.

Suffiks blir mellom anna brukt til å uttrykkja bøying og avleiing, slik som i «han kastar», og «kasting».

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.