Hopp til innhald

Drongoar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drongoar
Kvitbukdrongo, Dicrurus caerulescens
Kvitbukdrongo, Dicrurus caerulescens
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Drongoar Dicruridae
Vigors, 1825

Drongoar er ei biologisk slekt Dicrurus av sporvefuglar i tropiske område av Afrika, Asia og Australia. Namnet 'drongo' har opphav frå gassiskMadagaskar, der det refererer til lokale artar, men i dag brukar ein 'drongo' på mange språk til å referere til heile familien.[1] Drongoar er i dag rekna som einaste slekta i den biologiske familien Dicruridae.

Svart savannedrongo (Dicrurus adsimilis) i Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika.
Foto: Dick Daniels

Desse insektetande fuglane lever til vanleg i open skog eller krattskog, dei fangar bytte i lufta eller plukkar det frå bakken. Fjørdrakta er svart eller mørkegrå i farga, somme har metalliske nyansar. Stjerten er lang og gaffeldelt, og nokre asiatiske artar har iaugefallande haledekorasjonar. Beina er korte og fuglane sit med mykje oppreist kroppstilling på greiner, omtrent som varslarar. Dragedrongo og vimpeldrongo er hermekunstnarar blant fuglar. Dei kan herme lyden av andre fuglar og nokre dyreartar. Drongoar legg to til fire egg i reir som ligg høgt i tre. Vurdert frå storleiken deira er dei aggressive og uredde fuglar, og drongoar vil åtake mykje større artar om reir eller ungar blir trua.

Familien Dicruridae har mest sannsynleg indomalayisk opphav med kolonisering av Afrika for ca. 15 millionar år sidan. Ein reknar at kryssing av Wallacelinja i Australasia skjedde seinare, for rundt 6 millionar år sidan.[2]

Tidlegare utgåver av Clementslista har lista slekta Chaetorhynchus med ein art papuadrongo som ein del av familien Dicruridae. Arten blei flytta saman med viftestjertar i familien Rhipiduridae frå og med utgåva av september 2012.[3]

Drongoar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Familien Dicruridae
Slekt Dicrurus
  • Guineadrongo, Dicrurus occidentalis, Western Square-tailed Drongo, Fuchs, Douno, Bowie, and Fjeldså, 2018
  • Smådrongo, Dicrurus sharpei, Sharpe's Drongo, Oustalet, 1879
  • Tverrhaledrongo, Dicrurus ludwigii, Common Square-tailed Drongo, Smith, 1834, (LC)
  • Glansdrongo, Dicrurus atripennis, Shining Drongo, Swainson, 1837, (LC)
  • Savannedrongo, Dicrurus adsimilis, Fork-tailed Drongo, Bechstein, 1794, (LC)
  • Saheldrongo, Dicrurus divaricatus, Glossy-backed Drongo, Lichtenstein, 1823
  • Skogdrongo, Dicrurus atactus, Fanti Drongo, Oberholser, 1899
  • Jungeldrongo, Dicrurus modestus, Velvet-mantled Drongo, Hartlaub, 1849, (LC)
  • Aldabradrongo, Dicrurus aldabranus, Aldabra Drongo, Ridgway, 1893, (NT)
  • Komordrongo, Dicrurus fuscipennis, Comoro Drongo, Milne-Edwards & Oustalet, 1887, (EN)
  • Børstedrongo, Dicrurus forficatus, Crested Drongo, Linné, 1766, (LC)
  • Mayottedrongo, Dicrurus waldenii, Mayotte Drongo, Schlegel, 1866, (VU)
  • Svartdrongo, Dicrurus macrocercus, Black Drongo, Vieillot, 1817, (LC)
  • Oskedrongo, Dicrurus leucophaeus, Ashy Drongo, Vieillot, 1817, (LC)
  • Kvitbukdrongo, Dicrurus caerulescens, White-bellied Drongo, Linné, 1758, (LC)
  • Tjukknebbdrongo, Dicrurus annectens, Crow-billed Drongo, Hodgson, 1836, (LC)
  • Bronsedrongo, Dicrurus aeneus, Bronzed Drongo, Vieillot, 1817, (LC)
  • Vimpeldrongo, Dicrurus remifer, Lesser Racket-tailed Drongo, Temminck, 1823, (LC)
  • Hårdrongo, Dicrurus hottentottus, Hair-crested Drongo, Linné, 1766, (LC)
  • Filippinardrongo, Dicrurus balicassius, Balicassiao, Linné, 1766, (LC)
  • Sulawesidrongo, Dicrurus montanus, Sulawesi Drongo, Riley, 1919, (LC)
  • Sumatradrongo, Dicrurus sumatranus, Sumatran Drongo, Ramsay, 1880, (NT)
  • Sundadrongo, Dicrurus densus, Wallacean Drongo, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Serpentindrongo, Dicrurus megarhynchus, Ribbon-tailed Drongo, Quoy & Gaimard, 1830, (NT)
  • Brokadedrongo, Dicrurus bracteatus, Spangled Drongo, Gould, 1842, (LC)
  • Tablasdrongo, Dicrurus menagei, Tablas Drongo, Bourns & Worcester, 1894, (EN)
  • Andamandrongo, Dicrurus andamanensis, Andaman Drongo, Beavan, 1867, (LC)
  • Dragedrongo, Dicrurus paradiseus, Greater Racket-tailed Drongo, Linné, 1766, (LC)
  • Veddadrongo, Dicrurus lophorinus, Sri Lanka Drongo, Vieillot, 1817, (LC)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 223–224. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Eric Pasquet, Jean-Marc Pons, Jerome Fuchs, Corinne Cruaud, Vincent Bretagnolle (2007) Evolutionary history and biogeography of the drongos (Dicruridae), a tropical Old World clade of corvoid passerines. Molecular Phylogenetics and Evolution 45:158–167
  3. Clements et al 2012: Ref til sidene 577 og 479
  4. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020 
  5. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]