Charles Dumas
Utsjånad
Charles Dumas | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 12. februar 1937 Tulsa |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 185 centimeter |
Charles Everett Dumas (12. februar 1937–5. januar 2004) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i høgdehopp i 1956. Han var frå Tulsa i Oklahoma.
Dumas sette verdsrekord i høgdehopp då han 29. juni 1956 i Los Angeles svinga seg over 2,13 meter, tilsvarande sju engelske fot. Nesten fem månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen under Sommar-OL 1956 i Melbourne, med ny olympisk rekord 2,12 m.
I 1959 vann Dumas høgdehopp-tevlinga under dei panamerikanske leikane i Chicago. Året etter stoppa Dumas på 2,03 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma, vinnaren Robert Sjavlakadze sette olympisk rekord med 2,16 m.
Dumas, som sidan arbeidde som lærar, døydde av kreft i Inglewood i California.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charles Dumas» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2015.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1937
- Døde i 2004
- Høgdehopparar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Folk frå Oklahoma