Hopp til innhald

Cassidybreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cassidybreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°46′S 160°9′E / 77.767°S 160.150°E / -77.767; 160.150
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cassidybreen
77°46′00″S 160°09′00″E / 77.7667°S 160.15°E / -77.7667; 160.15
Cassidybreen is located in Antarktis
Cassidybreen (Antarktis)

Cassidybreen er ein isbre som er 13 km lang og 3,5 km brei, som flyt nordaust til øvre Taylorbreen mellom Depot Nunatak og nordvestenden av Quartermain Mountains i Victoria Land. Det skildrande namnet «South-West Arm» og «South Arm» vart nytta om denne breen og til delar av Ferrarbreen sør for Knobhead, av Discovery-ekspedisjonen. Nyare kartlegging har vist at breen som her er skildra er ein del av Taylorbreen-systemet.[1]

Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 1992 etter William A. Cassidy ved Department of Geology and Planetary Science ved University of Pittsburgh, som gjennom 13 feltsesongar, 1976–90, leia eit lag frå US Antarctic Research Program i undersøkinga og innsamlinga av meteorittar i Antarktis frå diverse stader gjennom Victoria Land og sørover til Lewis Cliff, i nærleiken av Queen Alexandra Range.[1]

  1. 1,0 1,1 «Cassidy Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cassidybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).