Blue av Joni Mitchell
Blue Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. juni 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | A&M i Hollywood | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:41 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Ladies of the Canyon (1970) |
Blue | For the Roses (1972)
|
Blue er det fjerde studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut 22. juni 1971 på Reprise Records. Det var skrive og produsert av Mitchell aleine og spelt inn i 1971 i A&M Studios i Hollywood i California. Ho utforskar her forskjellige sider av kjærleiksforhold frå ulukkeleg kjærleik på «A Case of You» til utryggleik på «This Flight Tonight». Songane har eit enkelt akkompagnement for piano, gitar og Appalachian dulcimer. Albumet fekk rosande omtale og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den kanadiske RPM-lista og 15. plassen på Blllboard 200.
I dag vert Blue generelt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene av musikkskribentane. Måten songane var skrivne og komponerte på av Mitchell, i lag med synginga hennar, fungerer alle godt saman. I 2020 vart Blue rangert som det tredje beste albumet gjennom tidene i Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Dette var den høgaste plasseringa til ein kvinneleg artist.[1] Det vart òg røysta fram til 24. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000). I juli 2017 vart Blue valt ut av NPR som det beste albumet gjennom tidene laga av ei kvinne.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Trass i suksessen ho hadde med dei tre første albuma og songar som «Woodstock», valde Mitchell i 1970 å slutte å halde konsertar. Tidleg på våren 1970 drog ho på ferie i Europa[3] og medan ho var på Kreta skreiv ho somme av songane som kom ut på Blue.[4]
Denne reisa var opphavet til songane «Carey» og «California» - «Carey» var inspirert av forholdet hennar til amerikanaren Cary Raditz, som i songen er omtalt som «redneck on a Grecian Isle» på «California».[5] Somme av songane på Blue var inspirert av forholdet mellom Mitchell og Graham Nash frå 1968 til 1970.[5] Forholdet deira var alt i vanskar då ho drog til Europa, og det var medan ho var på Formentera at ho sende Nash eit telegram om at forholdet deira var over.[5] Ein trur at songane «My Old Man»[5] og «River»[6] var inspirert av forholdet deira.
Ei anna viktig hending i livet til Mitchell som prega albumet, var forholdet hennar til James Taylor. Ho hadde byrja eit intenst forhold til Taylor sommaren 1970 og vitja han på settet til filmen Two-Lane Blacktop. Auraen mellom dei er omtalt i «This Flight Tonight».[7] Songane «Blue» og «All I Want» har spesifikke referansar til forholdet hennar med Taylor, som ein genser ho strikkar til han ein gong og heroinmisbruket hans. Under innspelinga av Blue i januar 1971 var dei framleis forelska og saman.[8] Trass i vanskane hans kjende Mitchell tilsynelatande at ho hadde funne ein person ho kunne knytte seg til i Taylor. Innan mars hadde han slått gjennom som artist, noko som skapte vanskar for dei og ho var visstnok i hjartesorg då han avslutta forholdet deira.[9]
Albumet vart nesten gjeve ut i ei noko anna form. I mars 1971 var dei ferdige lydbanda for albumet klare for produksjon. Opphavleg var det tre gamle songar med på albumet som ikkje hadde vore med på dei førre albuma. I siste liten valde Mitchell å fjerne desse tre songane, og heller spele inn nye songar, «All I Want» og «The Last Time I Saw Richard».
«Little Green», som var skriven i 1967, var den einaste eldre songen som var att. Dei to songane som vart fjerna var:
- «Urge for Going» – den første songen hennar som fekk kommersiell suksess, då han vart spelt inn av countrysongaren George Hamilton IV. Han vart seinare gjeven ut som B-sida til «You Turn Me On, I'm a Radio» og igjen i 1996 på samlealbumet Hits.
- «Hunter (The Good Samaritan)», som aldri er gjeven ut på noko album av Mitchell. Eit konsertopptak av songen finst på Amchitka,[10] i lag med tre andre songar som seinare kom ut på Blue, «A Case of You», «My Old Man» og «Carey», som glir inn i Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» i ein duett med den dåverande kjærasten , James Taylor.
I 1979 fortalte Mitchell, «Det er nesten ikkje ein uærleg tone i vokalen på Blue. På denne tida i livet mitt hadde eg ikkje noko personleg forsvar. Eg følte meg som plasten rundt ein sigarettpakke. Eg følte at eg ikkje hadde nokre løyndomar i det heile å skjule for verda og eg kunne ikkje late som om eg var sterk. Eller lykkeleg. Men fordelen med det var at eg ikkje heldt noko tilbake i musikken heller.»[11]
Mitchell nytta alternative stemmingar på gitaren sin for å lettare nå augmenterte akkordar og notar i uventa kombinasjonar.[12] På grunn av den nakne og ærlege framtoninga på albumet, skal Kris Kristofferson ha sagt då han først høyrte albumet: «Joni! Hald noko for deg sjølv!»[13]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
About.com | [15] |
AllMusic | [16] |
Christgau's Record Guide | A[17] |
MusicHound | [18] |
Pitchfork | 10/10[19] |
Rolling Stone | favorable[20] |
The Rolling Stone Album Guide | [21] |
Sputnikmusic | [22] |
I dag vert Blue generelt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene av musikkskribentar. Særskild er det låtskrivinga og komposisjonane som trekt fram. I januar 2000 valde The New York Times ut Blue som eit av dei 25 albuma som representerte «vendepunkt og milepålar i populærmusikken på 1900-talet».[23]
Jason Ankeny i AllMusic skildra Blue som «kvintessensen av vedkjennande singer/songwriter-album». Songane vart hylla for den «rå nerven, soger om kjærleik og tap etsa med fantastisk kompleksitet». Ankeny konkluderte med at det «var utan sidestykke i intensiteten sin». Skribentar i Pitchfork gav albumet 10 av 10, og sa at det ikkje var laga «andre album om kjærleiksbrot det vrir seg meir i magen av».[19]
Lovord
[endre | endre wikiteksten]- I 1999 vart Blue innlemma i Grammy Hall of Fame, fordi det vart rekna som kvalitativt eller historisk viktig»
- I 2000 gjekk Blue til topps på lista til Chart over dei 50 beste kanadiske albuma gjennom tidene (det var òg på tredjeplassen i 1996 og 2005)
- I 2001 vart Blue rangert på 14. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste albuma gjennom tidene, den høgaste plasseringa til ei kvinne.[24]
- I 2002, kåra Q Magazine Blue til det åttande beste albumet gjennom tidene av ein kvinneleg artist.[25]
- I 2004, rangerte Pitchfork Media albumet på 86. plass på lista over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.
- I 2006 var Blue med på lista til Time Magazine over dei 100 viktigaste albuma gjennom tidene.[26] Same året var albumet inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[27]
- I 2007, vart Blue rangert på andreplass i boka til Bob Mersereau The Top 100 Canadian Albums, bak Neil Young sitt Harvest
- Blue vart stemnd fram til 13. plass i Hotpress Magazine' si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, stemnd fram av andre artistar.
- Blue vart kåra til det 66. beste av Channel 4 si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene.
- In 2012 rangerte Rolling Stone albumet på andreplassen på lista «Women Who Rock: The 50 Greatest Female Albums Of All Time».[28]
- I 2015 vart albumet kåra til vinnaren i kategorien for 1960- og 1970-åra i den første Slaight Family Polaris Heritage Prize, ei årleg kanadisk musikkåring for klassiske album, før Polaris Music Prize oppstod.[29]
- I 2017 rangerte National Public Radio albumet på toppen av lista si over dei 150 beste albuma laga av ei kvinne.[2]
- I 2020 vart Blue rangert på tredjeplassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[30] den høgaste plasseringa til ei kvinne.
Salssuksess
[endre | endre wikiteksten]Albumet selde godt. I Canada nådde det niandeplassen på den kanadiske RPM-lista. I Storbritannia klatra albumet til tredjeplassen på UK Albums Chart og selde til dobbel platina der for eit sal på over 600 000. I USA nådde albumet 15. plassen på Billboard 200-lista. Albumet selde seinare til platina for sal på over ein million eksemplar. Singelen «Carey» nådde 93. plassen på Billboard Hot 100-lista. I Noreg nådde albumet 24. plassen på VG-lista.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar skrivne av Joni Mitchell.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «All I Want» | 3:32 |
2. | «My Old Man» | 3:33 |
3. | «Little Green» | 3:25 |
4. | «Carey» | 3:00 |
5. | «Blue» | 3:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «California» | 3:48 |
7. | «This Flight Tonight» | 2:50 |
8. | «River» | 4:00 |
9. | «A Case of You» | 4:20 |
10. | «The Last Time I Saw Richard» | 4:13 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Joni Mitchell – appalachian dulcimer, gitar, piano & vokal
- James Taylor – gitar (spor 1, 6, 9)
- Russ Kunkel – trommer (spor 4, 6, 9)
- Stephen Stills – bass & gitar (spor 4)
- Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar (spor 6, 7)
- Teknisk
- Joni Mitchell - produsent
- Henry Lewy – lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar
- Tim Considine – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1971) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Albums Chart | 9 |
Norske album (VG-lista)[31] | 24 |
Britiske album (OCC)[32] | 3 |
US Billboard 200[33] | 15 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[34] | 2× Platina | 600 000^ |
USA (RIAA)[35] | Platina | 1 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Blue (Joni Mitchell album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2021.
- ↑ «The Rolling Stone 500 Greatest Albums of All Time: No. 3 Joni Mitchell Blue». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. september 2020. Henta 22. januar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Tsioulcas, Anastasia (24. juli 2017). «The 150 Greatest Albums Made By Women». National Public Radio. Arkivert frå originalen 23. januar 2021. Henta 4. september 2017.
- ↑ Weller, Sheila (8. april 2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon--And the Journey of a Generation (på engelsk). Simon and Schuster. ISBN 9780743491471.
- ↑ Haig, Matt (2015). Reasons to Stay Alive. London, U.K.: Cannongate Books. s. 231. ISBN 9781782116820. «Formentera was also where Joni Mitchell wrote the album Blue.»
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «Joni Mitchell Library - Crown and anchor me or let me sail away...: JoniMitchell.com, 3. juni 2014». jonimitchell.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 19. januar 2021. Henta 19. januar 2021.
- ↑ «Sweet Inspiration: Joni Mitchell and Graham Nash». The Flower and the Vine (på engelsk). 14. mai 2013. Arkivert frå originalen 19. januar 2021. Henta 19. januar 2021.
- ↑ «Carole King & Joni Mitchell | 1969 to 1972 Music Biography». Girls Like Us - The Music (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. mai 2019. Henta 19. januar 2021.
- ↑ Bego, Mark (26. mai 2005). Joni Mitchell. ISBN 9781589792210.
- ↑ Bego, Mark (26. mai 2005). Joni Mitchell. ISBN 9781461662020. Henta 7. mai 2017.
- ↑ «Amchitka Concert CD». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Crowe, Cameron (26. juli 1979). «Joni Mitchell». CameronCrowe.com (296) (Rolling Stone). Arkivert frå originalen 26. mars 2012. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Fusilli, Jim (4. november 2008). «A 65th Birthday Tribute to Joni Mitchell». The Wall Street Journal. s. D7.
- ↑ The Joni Mitchell Interview – A CBC Music Exclusive Arkivert 12. februar 2012 ved Wayback Machine., 2013, 0:44:47 minutes
- ↑ «Joni Mitchell - Blue - Reviews». Album of the Year. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Ruehl, Kim. «Joni Mitchell – Blue > Review». folkmusic.about.com. The New York Times Company. Arkivert frå originalen 24. september 2010. Henta 10. juli 2010.
- ↑ Ankeny, Jason. «Blue – Joni Mitchell». AllMusic. Arkivert frå originalen 23. desember 2019. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Arkivert frå originalen 29. juni 2017. Henta 21. januar 2021 – via robertchristgau.com.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 19,0 19,1 «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork. 9. november 2012. Arkivert frå originalen 31. mai 2020. Henta 21. januar 2021.
- ↑ Crouse, Timothy (5. august 1971). «Joni Mitchell Blue > Album Review». Rolling Stone (88). Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 26. juli 2006.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–548. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009. Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 21. januar 2021.
- ↑ «Joni Mitchell - Blue». Sputnikmusic. 9. juni 2006. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Jon Pareles; Neil Strauss; Ben Ratliff; Ann Powers (3. januar 2000). «Critics' Choices; Albums as Mileposts In a Musical Century». The New York Times. Arkivert frå originalen 31. mai 2020. Henta 17. desember 2009.
- ↑ «VH1: 100 Greatest Albums». Rock On The Net. Arkivert frå originalen 2. november 2011. Henta 23. januar 2021.
- ↑ «Rocklist.net...Q Magazine Lists». Rocklistmusic.co.uk. Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Tyrangiel, Josh (13. november 2006). «The All-TIME 100 Albums: Blue». Time. Arkivert frå originalen 11. mars 2007. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5.
- ↑ «Women Who Rock: The 50 Greatest Albums of All Time: Joni Mitchell, 'Blue'». Rolling Stone. 22. juni 2012. Arkivert frå originalen 20. januar 2021. Henta 24. april 2014.
- ↑ «Joni Mitchell, Cowboy Junkies, Sloan and Peaches Take Home Polaris Heritage Prizes» Arkivert 12. oktober 2015 ved Wayback Machine.. Exclaim!, 9. oktober 2015.
- ↑ «30 | Blue – Joni Mitchell». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time. 2020 [2005]. Arkivert frå originalen 24. september 2020. Henta 22. januar 2021.
- ↑ "Joni Mitchell – Blue". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. januar 2021.
- ↑ "19710725 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 23. januar 2021.
- ↑ "Joni Mitchell Album & Song Chart History" Billboard 200 for Joni Mitchell. Prometheus Global Media. Henta 23. januar 2021.
- ↑ «British album salstrofé – Joni Mitchell – Blue». British Phonographic Industry. Enter Blue in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Joni Mitchell – Blue». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
4: Songs in the Key of Life Stevie Wonder |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 3 Blue Joni Mitchell |
2: Pet Sounds The Beach Boys |
31: Bringing It All Back Home Bob Dylan |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 30 Blue Joni Mitchell |
29: Led Zeppelin Led Zeppelin |