Asjokasøyle
Asjokasøyle er ein frittståande søyletype frå Mauryariket på det indiske subkontinentet på 200-talet f.Kr. Dei har namn etter Asjoka den store, som truleg reiste dei og i alle høve stod bak innskrifter på dei. Asjokasøyler har klokkeforma kapitel og lotusblad, og er krona med dyrefigurar, som løver og elefantar. Ei gruppe løver frå ein av søylene dannar utgangspunktet for Det indiske riksvåpenet.
Ein kjenner til 19 attverande asjokasøyler, men fleire har eksistert. Berre seks av dei attverande søylene har dyrefigurarar øvst, ettersom avbildingar av dyr kunne vera mål for seinare muslimsk ikonoklasme. Mange av søylene finst berre som fragment.[2] Søylene var typisk 12-15 meter høge, og kunne vega opptil 50 tonn. Dei kunne fraktast hundrevis av kilometer til staden dei blei sett opp på.[3]
Liste over asjokasøyler
[endre | endre wikiteksten]To kinesiske pilgrimar i mellomalderen fortalde om søyler som sidan har forsvunne. Faxian nemner seks og Xuanzang femten. På det meste kan fem av dei kanskje identifiserast med attverande søyler.[4]
Attverande søyler med funnstad, eventuelle dyrefigurar og innskrifter, er:[5][6]
- Sarnath, nær Varanasi i Uttar Pradesh, fire løver, søyleedikt, skisma-ediktet
- Sanchi, nær Bhopal, Madhya Pradesh, fire løver, skisma-ediktet
- Maker i Chhapra i Bihar, søyle utan innskrift
- Rampurva i Champaran i Bihar, to søyler: okse, søyleedikt I, II, III, IV, V, VI; okse
- Vaishali i Bihar, løve, utan innskrift
- Sankissa i Uttar Pradesh, berre elefantkapitél
- Lauriya-Nandangarth i Champaran i Bihar, løve, søyleedikt I, II, III, IV, V, VI
- Kandahar i Afghanistan, fragment av søyleedikt VII
- Ranigat i Khyber Pakhtunkhwa i Pakistan
- Delhi-Meerut i Delhi (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI; flytta frå Meerut til Delhi av Firuz Shah Tughluq i 1356
- Delhi-Topra i Feroz Shah Kotla i Delhi (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI, VII; flytta til frå Topra Kalan i Yamunanagar distrikt i Haryana til Delhi av Firuz Shah Tughluq i 1356
- Lauriya-Araraj i Champaran i Bihar (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI)
- Allahabad i Uttar Pradesh (opphavleg plassert i Kausambi og truleg flytta til Allahabad av Jahangir; søyleedikt I-VI, dronning-ediktet, skisma-ediktet)
- Amaravati i Andhra Pradesh
- Lumbini i Nepal
Kapitel
[endre | endre wikiteksten]-
Elefant i Sankissa.
-
Rampurva-løve.
-
Fire løver i Sarnath.
-
Fire løver i Sanchi.
-
Løve i Vaishali
-
Løve i Lauria Nandangarh.
-
Restar av ei Asjoka-løve i Odisha.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ India: The Ancient Past, s. 113, Burjor Avari, Routledge, ISBN 0-415-35615-6
- ↑ Harry Falk, Ashokan Sites and Artefacts: A Source-Book with Bibliography (Mainz am Rhein, 2006).
- ↑ Ven. S. Dhammika, THE EDICTS OF KING ASHOKA
- ↑ Ashoka, Emperor, Edicts of Ashoka, red. N. A. Nikam, Richard P. McKeon, 1978, University of Chicago Press, ISBN 0226586111, 9780226586113, google books, s. 2.
- ↑ Mahajan V.D. (1960, reprint 2007). Ancient India, S.Chand & Company, New Delhi, ISBN 81-219-0887-6, pp.350-3
- ↑ Singh, Upinder (2008). A History of Ancient and Early Medieval India: From the Stone Age to the 12th Century. New Delhi: Pearson Education. s. 358. ISBN 978-81-317-1677-9.
- «ashokasøyle» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Pillars of Ashoka» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2017.