Apostrophe (')
Apostrophe (') Studioalbum av Frank Zappa | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1974 | |
Innspelt | 1969 - 1974 ved Electric Lady Studios i NYC; Bolic i Inglewood og Paramount Studios i Hollywood | |
Sjanger | eksperimentell rock, komedierock, progressiv rock, hardrock, jazz-fusion | |
Lengd | 31:45 32:02 (2012 remaster) | |
Selskap | DiscReet | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Over-Nite Sensation (1973) |
Apostrophe (') | Roxy & Elsewhere (1974) |
Singlar frå Apostrophe (') | ||
|
Apostrophe (') er det attande studioalbumet til Frank Zappa. Det kom ut 22. mars 1974[1] i både stereo og kvadrafonisk format. Ein forkorta versjon av den første songen på albumet, «Don't Eat the Yellow Snow», var den første singelen til Zappa som gjekk inn på salslistene då han nådde 86. plass. Apostrophe (') er det mestseljande albumet til Zappa i USA. Det selde til gullplate den 7. april 1976.[2] Albumet nådde 10. plass på Billboard-lista, som vart den høgaste plasseringa til Zappa på lista.
Albumet held fram i same stil som det kommersielle gjennombrotet Over-Nite Sensation (1973), med ei blanding av korte songar som syner humoren og dei musikalske arrangementa til Zappa. Tekstane er ofte bisarre og obskure, utanom «Uncle Remus». Denne songen handlar, som den tidlegare songen «Trouble Every Day», om Zappa sine meiningar om rasedisharmoni.
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Den første halvdelen av albumet følgjer laust eit kontinuerleg tema. «Don't Eat the Yellow Snow» og «Nanook Rubs It» fortel om ein draum songaren hadde då han såg seg sjølv som ein eskimo kalla Nanook.
Som med mange Zappa-album, var Apostrophe (') ei blanding av eldre og nyare innspelingar (det meste av Apostrophe (') (1974) og Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes). Dei eldre innspelingane er akkompagnementet for «Excentrifugal Forz» (spelt inn under Hot Rats-innspelinga) og «Uncle Remus» (frå The Grand Wazoo). Tittelsporet er frå innspelinga av The Grand Wazoo, og kanskje med nokre ekstra tillegg frå 1973.
Tittelsporet er ein instrumental jam med Cream-bassisten Jack Bruce og trommeslagaren Jim Gordon. Jack Bruce er på omslaget omtalt for å spele bassgitar og for å ha vore medlåtskrivar på tittelsporet.
Utgjeving og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Robert Christgau | B-[4] |
Džuboks | positiv [5] |
Rolling Stone | positiv[6] |
Apostrophe vert rekna som eit av dei beste albuma til Zappa. Apostrophe (') (1974) og det føregåande Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes med dei same musikarane. Innspelinga vert dokumentert i ein episode av dokumentarserien Classic Albums som kom på DVD 1. mai 2007.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Don't Eat the Yellow Snow» | 2:07 |
2. | «Nanook Rubs It» | 4:38 |
3. | «St. Alfonzo's Pancake Breakfast» | 1:50 |
4. | «Father O'Blivion» | 2:18 |
5. | «Cosmik Debris» | 4:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Excentrifugal Forz» | 1:33 | |
2. | «Apostrophe'» | Frank Zappa, Jim Gordon og Jack Bruce | 5:50 |
3. | «Uncle Remus» | Frank Zappa og George Duke | 2:44 |
4. | «Stink-Foot» | 6:33 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Musikarar
[endre | endre wikiteksten]- Frank Zappa – vokal, gitar, bass, bouzouki
- Lynn – vokal, korvokal
- Robert «Frog» Camarena – vokal, korvokal
- Ruben Ladron de Guevara – vokal, korvokal
- Debbie – vokal, korvokal
- Ray Collins - korvokal
- Sue Glover – korvokal
- Kerry McNabb – korvokal, lydteknikar, remiksing
- Sal Marquez – trompet
- Ian Underwood – saksofon
- Napoleon Murphy Brock – saksofon, korvokal
- Bruce Fowler – trombone
- Don «Sugarcane» Harris – fiolin
- Jean-Luc Ponty – fiolin
- Ruth Underwood – perkusjon
- George Duke – klaverinstrument, korvokal
- Tony Duran – rytmegitar
- Tom Fowler – bassgitar
- Erroneous (Alex Dmochowski) – bassgitar
- Jack Bruce – bass på «Apostrophe'»
- Aynsley Dunbar – trommer
- Ralph Humphrey – trommer
- Johnny Guerin – trommer
- Jim Gordon – trommer på «Apostrophe» og «Excentrifugal Forz»
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Cal Schenkel – omslag, grafisk design
- Barry Keene – lydteknikar
- Ferenc Dobronyi – plateomslag
- Bob Ludwig – teknikar
- Paul Hof – teknikar
- Oscar Kergaives – teknikar
- Brian Krokus – teknikar
- Mark Aalyson – fotografi
- Steve Desper – lydteknikar
- Terry Dunavan – lydteknikar
- Zach Glickman – marketing
- Bob Hughes – lydteknikar
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Pop Albums | 10[2] |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Song | Liste | Peak position |
---|---|---|
«Don't Eat the Yellow Snow» | Pop Singles | 86[2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Apostrophe (')» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Official Zappa Diskografi». Arkivert frå originalen 2. mars 2011. Henta 7. juni 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Charts and Awards for Apostrophe (')». Allmusic. Henta 7. juni 2014.
- ↑ Huey, S. «Apostrophe (') - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 7. juni 2014.
- ↑ Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 7. juni 2014.
- ↑ Vrdoljak, Dražen. «Frank Zappa - Apostrophe». Džuboks (på serbisk) (Gornji Milanovac: Decje novine) (11 (second series)): 22.
- ↑ Fletcher, Gordon (6 juni 1974). «Apostrophe ' by Frank Zappa | Rolling Stone Music | Music Reviews». rollingstone.com.