Ann Kristin Flatland
Utsjånad
Ann Kristin Flatland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. november 1982 (42 år) Oslo |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Ann Kristin Flatland (fødd 6. november 1982) er ein norsk skiskyttar frå Oslo som representerer Vik Idrettslag.
Ann Kristin Flatland debuterte i verdscupen i 2003 i finske Kontiolax, der ho kom på 56. plass på sprinten. Alt i den andre konkurransehelga av sesongen, i Hochfilzen, debuterte Flatland på det norske stafettlaget som gjekk i mål på ein femte plass. Hennar beste individuelle plassering i verdscupen per 2010 er to tredjeplasser frå sprinten i Oberhof og frå jaktstarten i Anterselva i sesongen 2009/10.
Ho representerte Noreg under VM 2005 i Hochfilzen, og oppnådde en 22. plass på sprinten og 37. plass i jaktstarten. Under VM i Anterselva 2007 tok ho ein femteplass på sprinten. Under vinter-OL 2010 representerer ho igjen Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Statistikk hjå Biathlonworld Arkivert 2007-12-13 ved Wayback Machine.
- Flatland klar for VM Arkivert 2009-01-20 ved Wayback Machine.
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1982
- Norske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Noregsmeistrar i skiskyting
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 2010
- Skiskyttarar under vinter-OL 2010
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2014
- Norske deltakarar under vinter-OL 2014
- Skiskyttarar under vinter-OL 2014
- Folk frå Vik
- Folk frå Oslo