Abel Kirui
Utsjånad
Abel Kirui | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 4. juni 1982 (42 år) Bomet |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Abel Kirui (fødd 4. juni 1982) er ein langdistanseløpar frå Kenya som vart verdsmeister i maratonløping både i 2009 og 2011, i 2012 tok han OL-sølv på distansen.
Kirui vann Wien maraton i 2008 på ny løyperekord 2.07.38. Den 22. august 2009 vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen i friidrett i Berlin på tida 2.06.54. To år seinare forsvarte han VM-tittelen då verdsmeisterskapen 2011 fann stad i Daegu i Sør-Korea. Under dei olympiske leikane i London i 2012 måtte Kirui sjå seg slått av Stephen Kiprotich frå Uganda. Hausten 2016 sprang Kirui inn til siger i Chicago maraton på tida 2.11.23.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 2.06.54, framom Emmanuel Mutai (2.07.48)
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 2.07.38, framom Vincent Kipruto (2.10.06)
- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2.08.27, bakom Stephen Kiprotich (2.08.01)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abel Kirui» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2019.