Te Matua Ngahere
Utsjånad
Te Matua Ngahere | |||
| |||
Stad | Waipoua Forest | ||
---|---|---|---|
Land | New Zealand | ||
Te Matua Ngahere 35°36′27″S 173°31′43″E / 35.6075°S 173.52861111111°E |
Te Matua Ngahere er eit stort kauritre i Waipoua Forest i regionen Northland på New Zealand.
Maorinamnet tyder 'Far til skogen'. Sjølv om treet ikkje er så stort og høgt som naboen, Tāne Mahuta, er Te Matua Ngahere mykje kraftigare, med ein omkrins på stammen på meir enn 16 meter. Ein har ingen sikre tal på kor gammalt treet er, men det er estimert til å vera omkring 2000 år. Treet er ein rest av den gamle subtropiske regnskogen som ein gong voks på halvøya North Auckland Peninsula
Treet har følgjande mål:[1]
Omkrins til stammen | 16,41 m |
Høgda til stammen | 10,21 m |
Total høgde (før skade) | 29,9 m |
Volumet til stammen | 208,1 m³ |
Dette storslagne eksemplaret i den nasjonale floraen fekk store skader i toppen i juli 2007, under ekstreme vinterstormar i Northland. [2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dept. of Conservation document (frå Miløverndepartementet.)
- ↑ Storm takes heart of forest king Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine., New Zealand Herald, 13. juli 2007
- Denne artikkelen bygger på «Te Matua Ngahere» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.