Liposom
Utsjånad
Liposom er små kuleforma doble lag med lipid med ein kjerne av vatn. Dei har gjerne ein storleik på 25–100 nanometer, og vert laga gjennom at lipid i vatn vert utsette for høgfrekvente lydbylgjer.
Inni vasskjernen av liposom kan det kapslast inn molekyl, til dømes medisin. Liposom med molekyl kan trengja gjennom sellemembranen og levera molekyl på innsida.
I utrøyningar vart liposom nytta til å levera antibiotikum til bakteriar i biofilm. Ved låge antibiotikumnivå var liposombore antibiotikum meir effektivt enn fritt antibiotikum.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«liposom» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. februar 2016.
- ↑ Jones, Malcolm N.; et al. (23. november 1994). «The targeting of phospholipid liposomes to bacteria». Biochimica et Biophysica Acta. doi:10.1016/0005-2736(94)90295-X.
Denne biokjemiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.