Gunnar Kalrasten
Gunnar Kalrasten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. september 1905 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Gunnar Kalrasten (5. september 1905–5. mai 1964) var ein norsk skog- og jordbrukar frå Biri i Oppland. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1947 til 1964.
Kalrasten var son til ein trelasthandlar. Etter folkeskulen og framhaldsskule, gjekk han kurs i skog- og jordbruk. Han arbeidde nokre år med skog- og jordbruk, var mellom anna skogsarbeidar og fløytar i Russland i 1931-32. I 1930 tok han over eit småbruk som han dreiv til han døydde. Han vart i 1941 tilsett som styrar av skogetaten i Biri herad, frå 1945 som heradsblinkar. På same tid fekk han også styringa med ein del private skogar.
Heilt frå 1933 til 1963 var Kalrasten med i formannskapet i Biri, varaordførar 1945-51. Han var også formann 1929-35 i Arbeidsledighetsnemnda og 1945-57 i Forsorgstyret i Biri. Perioden 1957-64 var han styremedlem i Direktoratet for Statens skoger.
Kalrasten var varamann til Stortinget 1945-47, og rykte inn på Stortinget då Olav Meisdalshagen vart statsråd seint i 1947. Frå 1950 til han døydde i 1964 hadde Kalrasten fast plass på tinget. Han var frå mars 1948 og ut 1949-sesjonen medlem i Veg- og jarnbanekomiteen. Sidan 1950 var han medlem av framhaldet, Samferdslekomiteen, sekretær i komiteen 1958-64.