Begerblad
Utsjånad
Begerblad (sepal, frå latin separatus 'åtskild' og gresk petalon 'blad') er ein del av blomsteren hos blomsterplantane. Begerblada er den ytre kransen av blomeblad i eit blomsterdekke med to eller fleire kransar av ulikt utforma og/eller farga blad.
Begerblada er som oftast grøne, og dei er til vanleg mindre framståande enn kronblada. Når blomsteren er i knopp, omsluttar og vernar begerblada dei indre delane av blomsteren.
Forma på begerblada varierer mykje mellom plantefamiliane. Hos grasfamilien eller korgplantefamilien kan dei vera svært reduserte. I nokre familiar er begerblada heilt eller delvis vaksne saman og dannar eit begerrøyr, som hjå fleire artar i nøkleblomfamilien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Begerblad» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.