Sweet Lady Genevieve
Sweet Lady Genevieve Singel av The Kinks frå albumet Preservation Act 1 | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 21. september 1973 (Storbritannia) | |
Innspelt | Juni 1973 i Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock, folkrock | |
Lengd | 3:26 | |
Selskap | RCA 2418 | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Sitting in the Midday Sun» (1973) |
Sweet Lady Genevieve | «Where Have All the Good Times Gone» (1973) - Storbritannia — «Money Talks» (1974) - USA
|
«Sweet Lady Genevieve» er ein song av The Kinks frå 1973 og albumet Preservation Act 1. Songen vart skriven av Ray Davies.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]«Sweet Lady Genevieve» er ein del av ein rockeopera og teksten vart sugen av Davies som «Omstreifaren», ein av hovdpersonane i soga. Omstreifaren ber her om tilgjeving frå dne tidlegare kjærasten, Genevieve. Forfattaren Andrew Hickey sa i boka si Preservation: The Kinks' Music 1964-1974, at songen var «Ray Davies sitt forsøk på å nå ut til den framandgjorde kona Rasa.»[1] Omstreifaren dukkar opp att seinare på albumet på «Sitting in the Midday Sun».[2]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Songen vart gjeven ut på singel i Storbritannia (men ikkje i Amerika, der han vart nytta som B-side til «Sitting in the Midday Sun») med «Sitting in My Hotel», (frå det førre albumet Everybody's in Show-Biz) som B-side. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på lista.[3]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om «Sweet Lady Genevieve» ikkje selde godt, har han sidan blitt godt likt av musikkritikarane. Hickey hevda «det kan vere den siste verkeleg store Kinks-songen».[1] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla songen «absolutt vedunderleg» og meinte han var «den verkelege kandidaten til Davies sitt gløymde meisterverk».[4] Jason Josephes frå Pitchfork Media sa at «Sweet Lady Genevieve» er ein av «dei største singlane til Kinks, ein enkel folkrocksong du vil nynne på i dagevis».[2] Songen er sidan gjeven ut på samlealbumet Picture Book.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sweet Lady Genevieve» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Hickey, Andrew. Preservation: The Kinks' Music 1964-1974. s. 185–186.
- ↑ 2,0 2,1 Josephes, Jason. «Pitchfork Media». Arkivert frå originalen den 23. desember 2001. Henta 24. april 2018.
- ↑ «Awards». 5/7/2014.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic». Henta 24. april 2018.