Migdal Oz
Migdal Oz | |||
מִגְדַּל עֹז, מגדל עוז | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Koordinatar | 31°38′26.51″N 35°8′38.04″E / 31.6406972°N 35.1439000°E | ||
Folketal | 435 (2011) | ||
Grunnlagd | 1977 | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
Migdal Oz 31°38′27″N 35°08′38″E / 31.640697222222°N 35.1439°E | |||
Kart som viser Migdal Oz.
| |||
Wikimedia Commons: Migdal Oz |
Migdal Oz (hebraisk skrift מִגְדַּל עֹז, tyder Styrketårnet) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz i den historiske Etzion-blokka som er underlagt Gush Etzion regionale kommune på den okkuperte Vestbreidda. Han vart grunnlagd i 1977. Han ligg 7,4 km frå Den grøne linja, vest for israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. I 2011 hadde Migdal Oz eit folketal på 435.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Migdal Oz vart grunnlagd der Migdal Eder låg, ein jødisk landsby som vart øydelagd 50 år tidlegare under den arabisk-israelske konflikten. Namnet er teken frå eit bibelvers[2] som skildrar Gud, skriven i Salmane 61:4 og Salomos ordtak 18:10.
Migdal Oz er eit medlem av den ortodokse religiøse kibbutzrørsla, og har kring 430 innbyggjarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Migdal Oz» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
- ↑ Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.37 ,ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)