Zapadna Morava
Zapadna Morava Западна Морава | |||
elv | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 849 km² | ||
Lengd | 308 km | ||
Middelvassføring | 120 m³/s | ||
Kjelde | Golija nordaust for Sjenica | ||
Munning | Velika Morava ved Stalać | ||
Zapadna Morava 43°50′50″N 20°04′24″E / 43.8472°N 20.0732°E | |||
Wikimedia Commons: West Morava |
Zapadna Morava (serbisk Западна Морава, 'Vest-Morava') er ei elv sentralt i Serbia med ei lengd på 308 km. Ho er den eine av to kjeldeelvar til Velika Morava, som ho dannar i lag med Južna Morava.
Zapadna Morava spring ut frå Taštisletta, aust for byen Požega der elvane Golijska Moravica og Đetinja renn saman. Nord for den vesle byen Stalać, ren ho saman med Južna Morava og dannar Velika Morava.
Zapadna Morava tar imot 85 sideelvar. Elvar var tidlegare lenger (319 km), men på grunn av regulering av elva er ho no kortare. Ho har ei middelvassføring på 120 m³/s, men er kjenneteikna av store variasjonar i vassføringa, som vert særs stor under flaumar.
Ho drenerer eit område på 15 849 km² (42,3 % av heile nedbørsfeltet til Velika Morava), som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Zapadna Morava er den økonomisk mest utvikla av dei tre Morava-elvane. Med dalen til Ibar, har Zapadna Morava eit stort potensial for straumproduksjon. Vatnet vert òg nytta til vatning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «West Morava» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg. (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6