Ulriksbanen
Utsjånad
Ulriksbanen er ein totausbane i Bergen. Banen går frå Haukelandsbakken ovanfor Haukeland Universitetssjukehus og opp til eit av byens høgaste fjell, Ulriken (643 moh). Svevebanen har ei lengd på 1120 meter og turen tek 6 minutt. Utsikta undervegs, og frå toppen, er formidabel. Dei to gondolane heiter Perle og Bruse, og kvar har plass til 20 passasjerar pluss fører. Ved øvre stasjon (607 moh.) er det ein kafe og restaurant og godt turterreng.
Historie
Ulriksbanen blei bygd av eit sveitsisk firma i 1961. Banen var stengd i 2008, men opna igjen 1. mai 2009.
9. juli 1974 fall den eine gondolen ned og fire menneske mista livet.
Stasjonar
Teiknforklaring | |||
Ulriken | 607 moh. | ||
Sentrum | 44 moh. |