Hopp til innhald

Melodi Grand Prix 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Melodi Grand Prix 2013
Dato
Delfinale 1 19. januar 2013
Delfinale 2 26. januar 2013
Delfinale 3 2. februar 2013
Finale 9. februar 2013
Vertskap
Delfinale 1 Steinkjer
Delfinale 2 Florø
Delfinale 3 Larvik
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Jenny Skavlan og Erik Solbakken
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 21 (10 i finalen)
Vinnar
Song «I Feed You My Love»
Artist Margaret Berger
Resultat i Eurovision Song Contest 2013
Semifinalepoeng 120
Semifinaleplass 3.
Finalepoeng 191
Finaleplass 4.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2012 Melodi Grand Prix 2014

Melodi Grand Prix 2013 var den 51. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar, og av desse kom ti til finalen 9. februar 2013 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «I Feed You My Love», framført av Margaret Berger og skriven av Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson. Berger representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö, der ho kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda ho på 4. plass med 191 poeng. Dette var Noregs beste plassering sidan sigeren i 2009.

Sendingane

Som åra før bestod tevlinga av tre delfinalar med sju songar i kvar. Første delfinale blei arrangert på Campus Steinkjer i Steinkjer laurdag 19. januar, andre delfinale i Florø idrettssenter i Florø laurdag 26. januar og tredje delfinale i Arena Larvik i Larvik laurdag 2. februar. Finalen blei som vanleg arrangert i Oslo Spektrum laurdag 9. februar. Jenny Skavlan og Erik Solbakken var programleiarar, og alle programma blei produserte av NRK og Eyeworks Dinamo.[1]

Hausten 2012 inviterte NRK til ein open konkurranse, og rundt 600 bidrag kom inn. Ein jury beståande av Vivi Stenberg, Kristin Winsents, Christine Dancke og Gisle Stokland plukka ut 21 av dei til tevlinga.[2]

Sju bidrag deltok i kvar delfinale, og artistane blei presenterte i ei direktesending onsdagen før kvar delfinale. Her blei også smakebitar av låtane offentleggjort for første gong.[3] Dei første artistane blei dermed avslørt 16. januar 2013. Blant deltakarane var det ei rekkje kjende artistar, mellom anna Vidar Busk, Gaute Ormåsen, Datarock, Sirkus Eliassen og Margaret Berger.

Frå kvar delfinale røysta sjåarane fram tre songar til finalen i Oslo. Ein fagjury plukka ut enda eitt bidrag blant dei utslåtte delfinalistane, slik at det blei til saman ti songar i finalen.[4]

I finalen framførte vinnaren av Eurovision Song Contest 2013, Loreen, songen «My Heart Is Refusing Me». Tooji, som vann Melodi Grand Prix 2012 framførte ein ny versjon av «Stay».[5]

Resultat i finalen

Første runde

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Paid My Way» Vidar Busk Timothy Scott McConnell McConnell og Vidar Busk Uplassert
2 «Ulvetuva» Fjellfolk Trym Bjønnes Uplassert
3 «Bombo» Adelén Ina Wroldsen og Quiz & Larossi Gullfinale
4 «Alone» Gromth og Emil Solli-Tangen Gromth/Silenoz Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud (Silenoz) Uplassert
5 «Awake» Gaute Ormåsen Gaute Ormåsen og Jesper Borgen Fredrik Borgen Uplassert
6 «Sweet and Heavy» Lucky Lips Malin Pettersen Uplassert
7 «The Underground» Datarock Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland Fredrik Saroea Uplassert
8 «I'm With You» Annsofi Alexander Rybak Gullfinale
9 «I Feed You My Love» Margaret Berger Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson Gullfinale
10 «I Love You Te Quiero» Sirkus Eliassen Magnus Eliassen Magnus Eliassen og Erik Eliassen Gullfinale

Gullfinale

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Stemmer Plass
3 «Bombo» Adelén Ina Wroldsen og Quiz & Larossi 59 414 2
8 «I'm With You» Annsofi Alexander Rybak 31 226 4
9 «I Feed You My Love» Margaret Berger Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson 102 032 1
10 «I Love You Te Quiero» Sirkus Eliassen Magnus Eliassen Magnus Eliassen og Erik Eliassen 41 447 3

Røysting i finalen

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og telefonrøyster. Først røysta fagjuryane frå dei tre delfinalebyane, der kvar jury gav 1 000, 2 000, 3 000 og 4 000 poengrøyster til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei sjåarane sine telefon- og SMS-røyster presenterte. Røystene var delte i fem geografiske regionar ut frå kvar i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[6]

Nr. Tittel Steinkjer Florø Larvik Midt-Noreg Nord-Noreg Vest-Noreg Sør-Noreg Aust-Noreg Totalt
3 «Bombo» 2 000 1 000 3 000 6 410 1 032 8 226 11 907 25 839 59 414
8 «I'm With You» 1 000 3 000 2 000 2 828 308 3 350 5 223 13 517 31 226
9 «I Feed You My Love» 4 000 4 000 4 000 15 105 900 14 558 16 621 42 848 102 032
10 «I Love You Te Quiero» 3 000 2 000 1 000 5 694 2 254 4 877 7 342 15 280 41 447

Delfinalane

Delfinale 1

Campus Steinkjer, Steinkjer, laurdag 19. januar 2013

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Paid My Way» Vidar Busk Timothy Scott McConnell McConnell og Vidar Busk 3 Finale
2 «Sleepwalking» Carina Dahl Carina Dahl, Ben Adams og Søren Pagh Uplassert Ute
3 «Det er du» Tom Hugo Tom Hugo Uplassert Ute
4 «Alone» Gromth og Emil Solli-Tangen Gromth/Silenoz Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud (Silenoz) 1 Finale
5 «Give a Little Something Back» Julie Bergan Ben Adams, Julie Bergan og Sara Skjoldnes Uplassert Ute
6 «Catch Me» Mimi Blix og Doc MC B. C. Oggioni, L. Monticelli og M. Cottini Uplassert Ute
7 «The Underground» Datarock Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland Fredrik Saroea 2 Finale

Delfinale 2

Florø idrettssenter, laurdag 26. januar 2013

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Det va'kje mi tid» Martin Blomvik Martin Blomvik, Bjørn Johan Muri og Mats Weinholdt Uplassert Ute
2 «I’m With You» Annsofi Alexander Rybak 3 Finale
3 «On Hold» Shackles Silya Nymoen, KeiOne og John Lundvik Uplassert Ute
4 «No One» Hank Magnus Åserud Skylstad Skylstad og Josefin Winther Uplassert Ute
5 «Ulvetuva» Fjellfolk Trym Bjønnes 2 Finale
6 «Shine With Me» Haji Haji og Morad Aziman Uplassert Ute
7 «I Feed You My Love» Margaret Berger Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson 1 Finale

Delfinale 3

Arena Larvik, Larvik, laurdag 2. februar 2013

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Utopia» Gothminister Bjørn Alexander Brem Uplassert Ute
2 «Bombo» Adelén Ina Wroldsen og Quiz & Larossi 1 Finale
3 «Sweet and Heavy» Lucky Lips Malin Pettersen Uplassert Finale
4 «Awake» Gaute Ormåsen Gaute Ormåsen og Jesper Borgen Fredrik Borgen 3 Finale
5 «The Young» Anina Anine Stang, Mattias Frändä og Johan Åsgärde Uplassert Ute
6 «Not Afraid» Winta Beyond51 Winta Uplassert Ute
7 «I Love You Te Quiero» Sirkus Eliassen Magnus Eliassen Magnus Eliassen og Erik Eliassen 2 Finale

«Sweet and Heavy» var ikkje blant dei tre beste songane i delfinale 3, men fekk ein finalebillett av fagjuryen. Dermed blei dette bidraget den tiande deltakaren i finalen 9. februar.[4]

Hendingar

Adelén fekk den største hiten etter den norske finalen.

Den suverene vinnaren blei «I Feed You My Love», men det var sølvvinnaren «Bombo» som blei den store hiten i Noreg dette året. Medan vinnarlåten nådde ein 4. plass på VG-lista, toppa «Bombo» lista i tre veker.[7][8] Suksessen bana også veg for nye oppdrag for Adelén. Blant anna bidrog ho med sin eigen song «Olé» til det offisielle albumet for VM i fotball 2014 i Brasil.[9] Ho vann også MTV-prisen Best Norwegian Act hausten 2014, og ho vann TV 2s Skal vi danse hausten 2015.[10]

«I Feed You My Love» blei likefullt ein suksessfull vinnarlåt, og Margaret Berger song Noreg inn til ein 4. plass i Eurovision Song Contest i Malmö. Dette var Noregs beste plassering sidan sigeren i 2009, og det norske bidraget fekk 12 poeng frå Sverige, Danmark og Finland.

Den norske finalen blei sett av 975 000, det lågaste talet som var målt sidan dei moderne tv-metermålingane starta i 1992. Dei tre delfinalane blei sett av høvesvis 752 000, 666 000 og 677 000 sjåarar.[11]

Sjå òg

Fotnotar

  1. «Her er de nye MGP-programlederne»NRK. 14. september 2012. Besøkt 15. september 2012.
  2. Riise, Hege Bakken (6. desember 2012). «Disse vet hvem som er med i Melodi Grand Prix 2013»nrk.no.
  3. «Disse vet hvem som er med i Melodi Grand Prix 2013»NRK. 7. desember 2012. Besøkt 29. desember 2012.
  4. 4,0 4,1 Riise og Jensen, Hege Bakken og Gard Brox (3. februar 2013). «– Nå blir bestemor glad!»nrk.no.
  5. «Loreen kommer til Spektrum» (på norsk). Norsk rikskringkasting. 6. februar 2013. Henta 6. februar 2013. 
  6. «Melodi Grand Prix 2013 – norsk finale (Gullfinale)». Norsk rikskringkasting. 9. februar 2012. Besøkt 14. august 2016.
  7. Østbø, Stein (13. mars 2015). «MGP-kommentar: Når toerne vinner»VG Nett.
  8. Bråthen, Jennifer (22. mars 2013). «Adelén danker ut GP-Margaret»VG Nett.
  9. «Brazil 2014 – Official Song released; Official Album tracklist revealed» Arkivert 2014-04-13 ved Wayback Machine.. FIFA. 8. april 2014. Besøkt 17. august 2016.
  10. «Norske Adelén vinner MTV-pris» i Vestfold Blad
  11. Holmlund, Jan Thomas (11. februar 2013). «Margaret Berger vant tv-helga» Arkivert 2016-09-21 ved Wayback Machine.. Dagbladet.no.