Karin Krog
Karin Krog | |||
| |||
Fødd | 15. mai 1937 (87 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1955– | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | vokal, Minimoog | ||
Plateselskap | Edition of Contemporary Music | ||
Verka som | jazzsanger, plateartist | ||
Gift med | John Surman, Johs. Bergh | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets kvinnelige artist, Buddyprisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen i jazz, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Spellemannprisen i jazz, Norsk kulturråds ærespris |
Karin Krog Bergh (fødd 15. mai 1937) er ein norsk jazzsongar. Ho er rekna som ein av dei fremste norske jazzvokalistane.
Liv og virke
Karrieren til Krog byrja på jam sessions i Penguin Club i Oslo i 1955, og ho vart engasjert sekstetten til Kjell Karlsen. Ho vart etter kvart også kjend gjennom radioen. Då den fyrste jazzfestivalen i Molde vart arrangert, song ho der med kvartetten til Kjell Karlsen.
Frå 1962 hadde Krog si eiga gruppe, men samarbeidde også med kvintetten til Frode Thingnæs og trioen til Egil Kapstad. I 1964 gav ho ut sitt fyrste soloalbum, By Myself. I 1965 var ho med på å danne Norsk Jazzforum, der ho blant anna var leiar.[1]
I 1969 byrja Krog å studere song hos Ivo Knecevic. I dei følgjande åra samarbeidde ho med ei rekkje kjente nasjonale og internasjonale musikarar, som Jon Christensen, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Kenny Drew, Don Ellis, Archie Shepp, John Surman, Red Mitchell og Bengt Hallberg.[2][3]
Krog har fått ei rekkje prisar, blant anna Buddyprisen, Radka Toneff Minnepris og Spellemannprisen fire gongar. Ho er også riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (2005).[4]
Krog var gift med programsekretæren og jazzhistorikaren Johs. Bergh frå 1957 til han døydde i 2001. Dei har to barn, Cathrine Bergh og Dot Elisabeth Bergh. Krog er oldebarn av musikaren og komponisten Anders Heyerdahl.[5]
Prisar og utmerkingar
- 1965 – Buddyprisen frå Norsk jazzforbund
- 1975 – Spellemannprisen 1974 i klassen kvinnelege artistar
- 1975 – Female Singer of the Year av European Jazz Federation
- 1981 – Nominert til Spellemannprisen 1980 i klassen jazz for Swingin' Arrival (med Per Borthen Swing Department Ltd)
- 1981 – Oslo bys kunstnerpris
- 1983 – Gammleng-prisen i klassen jazz
- 1987 – Nominert til Spellemannprisen 1986 i klassen jazz for Freestyle
- 1990 – Nominert til Spellemannprisen 1989 i klassen jazz for Something Borrowed, Something New
- 2000 – Spellemannprisen 1999 i klassen jazz for albumet Bluesand (med John Surman)
- 2004 – Nominert til Spellemannprisen 2003 i klassen jazz for Where You At?
- 2005 – Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden
- 2006 – Nominert til Spellemannprisen 2005 i klassen jazz for Seagull (med Bergen Big Band)
- 2007 – Anders Jahres kulturpris
- 2008 – Oslo Jazzfestivals pris Ella-prisen
- 2013 – Heidersprisen under Spellemannprisen 2012
- 2014 – Spellemannprisen 2013 i klassen jazz for albumet Songs about This and That (med John Surman)
- 2016 – Innlemma i Rockheim Hall of Fame
- 2017 – NOPAs hederspris[6]
- 2021 – Norsk kulturråds ærespris[7]
Kjelder
- ↑ 85 års omtale i Aftenposten 15. mai 2022
- ↑ Norsk Jazzarkiv (1. november 2013). «Krog, Karin». Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 6. april 2015.
- ↑ Scott Yanow. «Karin Krog». Henta 6. april 2015.
- ↑ Tildelinger - Karin Krog - kongehuset.no
- ↑ Norsk Jazzarkiv (1. november 2013). «Krog, Karin». Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 6. april 2015.
- ↑ «Karin Krog mottok NOPAS hederspris». jazzinorge.no. 15. november 2017. Henta 10. april 2020.
- ↑ «Karin Krog tildeles Kulturrådets ærespris». www.kulturradet.no (på norsk bokmål). Henta 23. september 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Karin Krog» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2023.