Hopp til innhald

Høydalsmo

Koordinatar: 59°30′4.1″N 8°11′9.5″E / 59.501139°N 8.185972°E / 59.501139; 8.185972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

59°30′4.1″N 8°11′9.5″E / 59.501139°N 8.185972°E / 59.501139; 8.185972

Høydalsmo is located in Telemark
Plasseringa til Høydalsmo
Høydalsmo kyrkje

Høydalsmo er ei bygd i Tokke kommune i Telemark. Bygda ligg ved europaveg 134, og fylkesveg 45 startar her og går til Dalen og vidare til Setesdal. På Høydalsmo er Høydalsmo skule, ein kombinert barne- og ungdomsskule med skulefritidsordning og om lag 85 elevar. I samband med skulen er det samfunnshus og fotballbane.

Høydalsmo har eit aktivt idrettslag, Høydalsmo IL, som har vore vertskap for fleire store arrangement. Idrettslaget har lagt tilhøva godt til rette for langrenn på ski.

På Høydalsmo vegkro stoppar over 100 lastebilar kvar dag på veg mellom Haugesund og Oslo. I 2007 vart det derfor etablert ein bibliotekfilial der sjåførar kan låne lyd- og vanlege bøker til køyreturen.

Ein person frå Høydalsmo vert i Vest-Telemark kalla for ein «høysekk».[1]

Referansar

  1. «Heilt rått!». Vest-Telemark Blad. Henta 3. august 2010. 

Bakgrunnsstoff