Hopp til innhald

Nynorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Nynorsk».

Sjå nynorsk talemål for artikkelen om det yngste målsteget i norsk språk.

Ivar Aasen er opphavsmannen til nynorsk.

Nynorsk er ein rettskrivingsnormal for norsk, bygd på eit utval av dei norske målføra. Offisielt gjeldande nynorsk rettskriving i dag er basert på normalen til Ivar Aasen, og seinare endringar av mellom andre Norsk språkråd.

Historie

Den fyrste norske skriftnormalen vart kalla landsmål (Landsmaal), men dette namnet vart i 1929 endra til nynorsk – eit framlegg om norsk, beint fram, tapte i Stortinget med éi røyst.

Etter 1938 vart den statsstyrte tilnærminga til austnorske målføre og delvis òg til bokmål så sterk at ein kunne ta til med å tala om ein eigen tradisjonell variant av nynorsk, i motsetning til den statlege norma. Denne meir tradisjonelle målforma er i dag mest kjend under nemninga høgnorsk.

Nynorsk rettskriving

Offisiell nynorsk som ein finn han i godkjende ordlister og liknande, har to typar former, hovudformer/lærebokformer og sideformer/klammeformer. Der det finst meir enn éi hovudform, talar ein om jamstelte former, såleis til dømes formene «me» og «vi». Hovudformene skal brukast i lærebøker og i staten, medan sideformene kan brukast av elevar og andre utan at det blir rekna som brot på gjeldande rettskriving. Nokre av sideformene er tradisjonelle «høgnorske» former, andre er «samnorskformer» etter mønster av ein del austnorske og nordnorske målføre, bymål og bokmål.

Det går jamt føre seg eit ordskifte om ein ikkje skal skjera ned på talet på valfrie former, og avskìpa ordninga med sideformer, slik at alle formene blir jamstelte hovudformer. Ein avventar no eit nytt normeringsregime i og med omgjeringa av Norsk språkråd til Språkrådet.

==Bruk av språket==yoyo in tha hood Mellom 10 % og 15 % av innbyggjarane i Noreg nyttar ein eller annan variant av det nynorske skriftspråket.

I 2005 kartla TNS Gallup talet nynorsk- og bokmålsbrukarar på oppdrag frå Riksmålsforbundet [1]. Dei kom fram til at 7,5 % av nordmennene bruker berre nynorsk når dei skriv, og at 5,5 % bruker begge målformene. Desse reelt tospråklege kan reknast som nynorskbrukarar, sidan stort sett berre folk som har nynorsk som hovudmål er reelt tospråklege. I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i Sogn og Fjordane nynorskbrukarane er i fleirtal – også om vi reknar brukarar av begge målformene som nynorskbrukarar. Spørsmålet intervjuobjekta fekk, var: «Når du skal skrive i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Sidan år 2000 er det berre Riksmålsforbundet som har drive med slik kartlegging av talet nynorskbrukarar. Språkrådet (som den gongen heitte Norsk språkråd) tinga ei slik undersøking seinast i 1995.

Støtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser. Det syner ei meiningsmåling offentleggjord 6. november 2006 der eit representativt utval av innbyggjarane i Møre og Romsdal vart spurde om dei vil at administrajonsmålet til fylket framleis skal vere nynorsk. Det var klart fleirtal for dette [2].

Den vanlege måten å sjå dette på, er likevel å rekne talet på kommunar i eit fylke som har nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller som er språknøytrale. Da byggjer ein ikkje på meiningsmålingar med dei feilkjeldene desse alltid har, men på offentleg statistikk. I Møre og Romsdal er f.eks. 23 kommunar nynorskkommunar, 13 er nøytrale og berre to er bokmålskommunar. Fylket har derfor nynorsk som administrasjonsspråk. Også om ein ser på talet på elevar i nynorske grunnskolekretsar mot bokmålskretsar, er det fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal. Da er talet 55% mot 45% i bokmålskretsar. Også her kan ein byggje på offisiell statistikk i staden for meir tvilsame meiningsmålingar, og opplæringsmålet i skulekrinsar er som kjent avgjort i målrøystingar der det har vore reist krav om det.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i fire fylke: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Status for nynorsk

Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av rettskrivinga av 1938, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på store delar av Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag. Nynorsk fekk likevel ikkje fotfeste i byane.

Frå 1950-talet minka prosentdelen nynorskelevar gradvis til han stabiliserte seg på ca 15 % frå 1970-talet. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken stod attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet.

Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon gong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I TV2 brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld VG, Dagbladet og Aftenposten. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar: Vårt Land, Nationen, Dagsavisen og Klassekampen. I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.

Sjå òg

Meir om Nynorsk i grunnskulen.

Bakgrunnsstoff