Hopp til innhald

Proposisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. oktober 2016 kl. 10:48 av Neuraxıs (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Logisk syntaks med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Proposisjon er eit ord nytta i logikken for å skildre innhaldet i påstandar. Ein påstand kan evaluerast som anten sann eller usann. Proposisjonar er ikkje-lingvistiske abstraksjonar, så forskjellige setningar innan eit språk, eller ei setning på to ulike språk, kan uttrykkje same proposisjon. Det er vanleg å setje ordet at framfor ei setning som skal uttrykkje ein proposisjon, t.d. er at Ola elskar Kari proposisjonen som setninga Ola elskar Kari uttrykkjer.

Argument mot bruk av proposisjonar

[endre | endre wikiteksten]

Filosofien W.V.O. Quine meinte at sidan det er så vanskeleg å nøyaktig og fullstendig omsetje, burde me heller snakke om setningane, enn proposisjonane dei (kanskje) uttrykkjer.