Hopp til innhald

Terrasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 26. mars 2016 kl. 09:24 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Fjerner malen 'Commonskat', lekk i sidestolpen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Terrasse ved Jahaj Mahal i Mandu i India.

Terrasse (frå gammal-provençalsk terrassa av latin terra, 'jord') er eit flatt område utandørs. Terrassar er gjerne bygd opp eller fylt ut og markert avgrensa av kant, brystning eller rekkverk.

Takterrassar med plantar og symjebasseng i Dhaka i Bangladesh.
Terrasse ved det portugisiske Nasjonalpalasset av Pena i Sintra.

Terrassar blir gjerne laga direkte tilknytt hus eller bygningar som utandørs opphaldsstad. Ein kan også anlegga terrassar i hagar og parkar, eller takterrassar på flate tak.

Under barokken var terrassar lagt i fleire plan og forbundne med trapper eit særleg ynda arkitektonisk motiv.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.