Hopp til innhald

Kalligrafi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. mars 2016 kl. 23:22 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Fjerner malen 'Commonskat', lekk i sidestolpen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kalligrafiøving.

Kalligrafi (frå gresk καλος ‘god’/‘vakker’ og γραφειν ‘skrive’/‘risse’) er kunsten å skrive bokstavar på ein kunstferdig måte.

I Vesten bruker ein primært ein breikanta skrivereiskap til å laga kalligrafi, og denne reiskapen bidrog til å utforme og prege vestleg skrift frå romarane si tid (100-talet) til oppfinninga av boktrykkjarkunsten på 1400-talet. Under renessansen var litera antica (antikvaskrifta) fyrst ei handskriven bokstavform som så vart utgangspunktet for bokskrifta. Denne bokstavforma vert framleis brukt i bøker og til kontinuerlege tekstmengder. I 1906 bidrog Edward Johnston til ein renessanse for vestleg kalligrafi, mellom anna med boka si Writing, Illuminating and Lettering. I dag er kalligrafi ei sjølvstendig kunstform, ei viktig øving for typedesignarat og eit handverk i seg sjølv.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]