Hopp til innhald

Forlana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 04:37 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Forlana, òg skrive furlana, friulana og forlane, er ein gammal italiensk folkedans frå Friuli i Nord-Italia, med hurtige, kraftige og lystige rørsler i 6/8 eller 6/4 takt. Ein kjenner til dansen tilbake til 1609 og han vart populær i midten av 1780-åra.

Johann Sebastian Bach nytta ein forlana i den første orkestersuiten sin. Maurice Ravel nytta den barokke forlanaen i pianosuiten Le Tombeau de Couperin. Ein annan forlana finst på slutten av pianosuiten til Ernest Chausson Quelques Danses.