Aksellast
Aksellast er den vekta eit køyretøy påfører underlaget gjennom ein aksel.
I Noreg er største tillatne aksellast på veg regulert gjennom køyretøyforskift og vegforskrift. Størst tillaten aksellast har vegar i Bruksklasse (Bk) 10. Her kan aksellasten på ein ordinær aksling vere inntil 10 tonn, aksellasten frå ein boggi 16 tonn og aksellasten frå ein trippelboggi 22 tonn. Bilen kan likevel ha éin drivvaksing med asellast inntil 11,5 tonn. Buss med luftfjæring eller tilsvarande fjæring kan ha noko høgre aksellast enn 10 t også på dei frittrullande akslingane.
Vegstyremaktene i Noreg utarbeider veglister med oversikt over tillaten aksellast på ulike vegar til ulike årstider. Nokre vegar har auka tillaten asellast når marka er frosen (vinteraksellast), og nokre vegar har redusert aksellast under teleløysinga på våren.