Scream av Sergej Lazarev
«Scream» Song av Sergej Lazarev | ||
Land | Russland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 9. mars 2019 | |
Sjanger | Symfonisk pop, kraftballade | |
Lengd | 02:58 | |
Selskap | Rossija 1 | |
Komponist | Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos | |
Tekstforfattar | Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos | |
Låtskrivar(ar) | Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov |
---|
«Scream» (norsk: skrik) er ein engelskspråkleg popsong med den russiske popartisten Sergej Lazarev. Songen er skriven av Sharon Vaughn og den greske låtskrivaren Dimitris Kontopoulos. Sistnemnde har produsert songen saman med den russisk-bulgarske musikkmogulen Filipp Kirkorov. «Scream» vart utgjeven for sal og strøyming 9. mars 2019, og den var det russiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[1][2]
Eurovision Song Contest
Songen og artisten vart internt valde av den russiske kringkastaren VGTRK sin hovudkanal Rossija 1 til å representere landet. Songen er ein symfonisk kraftballade, og Moskvas symfoniorkester har bidrege på innspelinga.[2]
Lazarev deltok òg i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm, der han vart nummer tre med poplåten «You Are the Only One».
I januar 2019 vart Russland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og «Scream» hadde startnummer 13. I avrøystinga vart «Scream» blant dei ti beste bidraga i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 18. mai.[3]I finalen enda songen på tredjeplass bak Italia og vinnaren Nederland.[4]
Kjelder
- ↑ «Scream by Sergey Lazarev» (på engelsk). Henta 31. mars 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «Sergey Lazarev returns to Eurovision with 'Scream' for Russia». Henta 31. mars 2019.
- ↑ «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Scream (Sergej Lazarev-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2021.