Bantuekspansjonen: Skilnad mellom versjonar
s jegarar → jegerar |
|||
Line 3: | Line 3: | ||
Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. |
Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. |
||
Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og [[metallurgi]] gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn [[ |
Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og [[metallurgi]] gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn [[ og sankarar]]. Dei fortrengde [[khoisanfolk]], [[hadzaer]] og [[sandawifolk]] som levde på denne måten med steinvåpen. I austre og sørlege Afrika lærte bantufolk om [[husdyr]]hald frå folk dei møtte, og spreidde denne kunnskapen vidare til jegerar og sankarar. |
||
Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som [[Mutapariket]] ved [[Zambezielva]], som stod bak bygginga av [[Stor-Zimbabwe]]. I Sør-Afrika stod [[zuluar|zululeiaren]] [[Shaka]] bak danninga av eit [[Zuluriket|større rike]] på 1800-talet. |
Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som [[Mutapariket]] ved [[Zambezielva]], som stod bak bygginga av [[Stor-Zimbabwe]]. I Sør-Afrika stod [[zuluar|zululeiaren]] [[Shaka]] bak danninga av eit [[Zuluriket|større rike]] på 1800-talet. |
Siste versjonen frå 9. februar 2018 kl. 18:18
Bantuekspansjonen viser til utbreiinga av bantufolk i Afrika gjennom fleire tusenår med vandring, og er ein særs viktig prosess i afrikansk historie. Talarar av proto-bantuspråk oppstod i dagens Kamerun og Nigeria, og utvandringa ser ut til å ha byrja etter innføringa av landbruk, det vil seia rundt 3000–2500 f.Kr. for den første ekspansjonen i Vest-Afrika. Frå rundt 1500-1000 f.Kr. følgde vidare utvandring austover og sørover frå dette området. Bantufolk fortsette koloniseringa sørover, og hadde slått seg ned i dagens Sør-Afrika frå rundt år 0.
Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og metallurgi gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn jegerar og sankarar. Dei fortrengde khoisanfolk, hadzaer og sandawifolk som levde på denne måten med steinvåpen. I austre og sørlege Afrika lærte bantufolk om husdyrhald frå folk dei møtte, og spreidde denne kunnskapen vidare til jegerar og sankarar.
Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som Mutapariket ved Zambezielva, som stod bak bygginga av Stor-Zimbabwe. I Sør-Afrika stod zululeiaren Shaka bak danninga av eit større rike på 1800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bantu expansion» frå Wikipedia på engelsk, og «Bantuexpansionen» frå Wikipedia på svensk den 15. januar 2011.
- Fotnotar