Gelderland
Gelderland | |||
Provincie Gelderland | |||
provins | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Arnhem | ||
Areal | 5 136,51 km² | ||
Folketal | 2 019 692 (31. desember 2013)[1] | ||
Gelderland 52°05′00″N 5°55′00″E / 52.0833°N 5.9167°E | |||
Kart som viser Gelderland.
| |||
Wikimedia Commons: Gelderland |
Gelderland er ein provins i Nederland som ligg sentralt i austlege delar av landet. Adminstrasjonssenteret er Arnhem, men dei to byane Nijmegen og Apeldoorn har fleire innbyggjarar. Andre store byar i provinsen er Ede, Zutphen, Doetinchem, Harderwijk, Wijchen og Tiel.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den noverande provinsen Gelderland dekkjer om lag tre fjerdedelar av det historiske hertugdømet Geldern. Geldern var eit grevskap seint på 1000-talet og vart så eit hertugdømet i Det tysk-romerske riket og inkluderte òg delar av provinsen Limburg og det tyske landkreisen Kleve med byen Geldern, som opphavleg var setet for hertugane. Han var ein del av Habsburgs Nederland i 1543, som ein av Dei sytten provinsane, men var ikkje av dei rikaste eller tettast folkesette.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Gelderland består av følgjande 53 kommunar:
Endringar av kommunane
[endre | endre wikiteksten]Desse kommunane vart slått saman med andre kommunar:
- Angerlo vart slått saman med Zevenaar
- Dinxperlo vart slått saman med Aalten
- Gorssel vart slått saman med Lochem
- Lichtenvoorde vart slått saman med Groenlo
- Warnsveld vart slått saman med Zutphen
- Wehl vart slått saman med Doetinchem
Desse kommunane vart slått saman og fekk nytt namn:
- Borculo, Eibergen, Neede og Ruurlo vart Berkelland
- Hengelo, Hummelo en Keppel, Steenderen, Vorden og Zelhem vart Bronckhorst
- Bergh og Didam vart Montferland
- Gendringen og Wisch vart Oude IJsselstreek
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gelderland» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.