Erik Bolstad
redaktør, Store norske leksikon
Nylig aktivitet
-
SE-loven: oppdatert 24. november 2024
-
SE-loven: oppdatert 24. november 2024
-
lov om Konvensjonen mot antipersonellminer: oppdatert 24. november 2024
-
lov om Konvensjonen mot antipersonellminer: oppdatert 24. november 2024
Fagansvarlig for 8 kategorier:
Biografi
Erik er sjefredaktør i Store norske leksikon og er dagleg leiar for foreininga Store norske leksikon frå 2016. Han er ansvarleg redaktør for alt innhaldet i Store norske leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon; og er utgjevar av Norsk kunstnerleksikon.
Dersom du har spørsmål eller kommentarar til innhaldet i Store norske leksikon kan du skrive eit endringsframlegg eller kommentar til artikkelen, eller sende e-post til redaksjonen@snl.no. Ikkje ta direkte kontakt med Erik – han får så mykje e-post at det er sjeldan han klarar svare.
Erik er opphavleg journalist, prosjektleiar og designar. Han arbeidde tidlegare 15 år i NRK, der han mellom anna laga vêrtenesta yr.no, var redaksjonssjef for Nett-TV, Nettradio og NRKbeta og sat i leiargruppa i Nye medier-avdelinga i fleire år. Han var fungerande språksjef i NRK i 2014.