Hopp til innhold

Harøya

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Sideversjon per 1. jan. 2008 kl. 14:49 av 85.164.215.71 (diskusjon) (Ny side: Harøy er "hovudstaden" i Sandøy kommune. Steinshamn er sentrum på Harøya, der det er butikkar, post, bank, pub, kiosk, frisør, brukskunst, tannlege, lege, helsestasjon. Elles på Harø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Harøy er "hovudstaden" i Sandøy kommune. Steinshamn er sentrum på Harøya, der det er butikkar, post, bank, pub, kiosk, frisør, brukskunst, tannlege, lege, helsestasjon. Elles på Harøya finns det bensinstasjonar, skular, barnehage, idrettsplass, fysioterapeut snekkarar, elektrikarar, helse- og omsorgsinstitusjonar, blomsterforretning, fotklinikk, aromaterapeut og mykje mykje mer.


Turisme. Harøya er ein flott plass å feriere på. Har du behov for ein avslappande ferie med andre gjeremål enn det du er vant til, så er absolutt kommunen vår ei flott avveksling. Her er fantastisk natur, flotte fiskemuligheiter frå land og båt, fleire turstiar, gode overnattingsmuligheiter, flotte dagsturar til øyane Ona og Sandøya. Og veret då -i den eine augneblinken vindstille og solrikt, neste augneblink stormfullt og vêrhardt! Neidå, så ille er det ikkje. Men vi kan ikkje skilte med "sydentemperaturar" her. Veret kan vere barskt men det er jo så fasinerande. Likefullt så kan vi ha fantastisk sommar- ver her i sommarmånadene -vindstille og solrikt -fasinerande er det uansett!


Industri. Hjørnesteinsbedrifta i kommunen, I.P.HUSE, sysselsett nærare 100 arbeidarar og dei omsett for ca.400 mill årleg, med sin produksjon av m.a. vinsjar til offshorenæringa -faktisk så produserer dei verdas største vinsjar her på Harøya! I.P.HUSE har ALDRI permittert sine arbeidarar og det er i seg sjølv ei bragd innan norsk mekanisk industri.


Nils S.Hansen Mek Verksted med sine 18 tilsette produserar hurtiggåande redningsbåtar i aluminium for offshorenæringa og småbåtar for både det norske og svenske forsvaret. I tillegg produserar de tråldører og diverse anna for fiskerinæringa. Bedrifta har gjort store investeringar dei siste åra og er ei moderne bedrift som vert driven med god lønnsemd.


Fiskeri er framleis ei stor næring i Sandøy Kommune. Det er ca.12-15 båtar som framleis driv aktivt fiske. "MS KATO" driv kvalfangst og leverar kjøtet til si eiga bedrift Myklebust Trading der dei produserar kvalbiff, biffstrimlar, kvalkjøttdeig, kvalburgarar og hundemat.


Rostein-rederiet driv frakt av fisk og smolt med sine brønnbåtar over heile verda. Kvar av båtane kan frakte opptil 100 tonn levande fisk pr.tur, eller opptil 400.000 stk smolt, eller opptil 500 tonn sild. Rostein-rederiet driv også slepeverksemnd , ankerhandtering, notskifting og avlusing av fisk .


FMC Biopolymer er ei Haugesundsbedrift som har ei avdeling på Harøy. Der tar dei i land tang & tare, som tilslutt vert brukt som bindemiddel i m.a. iskrem og sveisetråd! 3 taretrålarar er ute kvar dag.