Hopp til innhald

Semittiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Semittisk)
Semittisk
Vidare inndeling:
Område: Vest-Asia, Nord-Afrika,
Afrikas horn, Malta
Glottolog: semi1276
ISO 639-2/5: sem
ISO 639-5: sem

Semittiske språk er ein språkfamilie bruka i store delar av Midtausten, der dei oppstod og Nord- og Aust-Afrika. Dei utgjer den nordaustlege underfamilien av dei afroasiatiske språka og er den einaste familien i denne gruppa som blir bruka i Asia. I språkgruppa inngår språk som amharisk, arabisk, arameisk, akkadisk, ugarittisk, hebraisk, maltesisk, syrisk, tigrinja og fleire andre. Dei er blitt skrivne med ei rekkje ulike skriftsystem - ugarittisk, fønikisk, arameisk, hebraisk , arabisk, syrisk, sørarabisk og fidel.

Namnet «semittisk» er avleidd frå det bibelske Sem, ein av dei tre sønene til Noah.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.