Annecy
Annecy | ||||
---|---|---|---|---|
| ||||
Styresmakter | ||||
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Haute-Savoie | |||
Geografi | ||||
Flatevidd | 66,93 km² | |||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
52 100 3 789/km² | |||
Koordinatar | 45°54′00″N 06°07′49″E / 45.90000°N 6.13028°E | |||
Høgd over havet | 448 m | |||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |||
Diverse anna | ||||
Heimeside: https://www.annecy.fr/ |
Annecy er ein by aust i sentrale område av Frankrike ved breidda av Annecysjøen, 35 km sør for Genève. Annecy er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Annecy ligg mellom Genève og Chambéry, og vart mykje påverka av desse to byane mellom 900- og 1800-talet. Byen var først hovudstad i grevskapet Genève, men etter at grevane i Genéve forsvann vart han ein del av Huset Savoie i 1401. I 1444 gjorde prinsane av Savoie byen til hovudstad i ein region som omfatta Genevois, Faucigny og Beaufortain. Då calvinismen breidde seg ut i 1535 vart byen eit senter for den katolske reformasjonen, og biskopen sitt sete i Genève vart flytta her. Under den franske revolusjonen vart området Savoie erobra av Frankrike, og Annecy vart ein del av departementet Mont Blanc, der Chambéry var hovudstad. Etter Restaurasjonen i Frankrike i 1815 vart han gjeve tilbake til Huset Savoie. Då Savoie vart annektert av Frankrike i 1860 vart byen hovudstad i det nye departementet Haute-Savoie.
Frans av Sales vart fødd i slottet Sales, som ligg like ved Annecy, i 1567. Han var biskop i Annecy frå 1602 til 1622.
Den andre runden av GATT-diskusjonane vart halde i Annecy i 1949.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimesida til Annecy sin OL-søknad for 2018 Arkivert 2007-05-03 ved Wayback Machine.