Dampbil
Ein dampbil er ein bil dreven av ei dampmaskin.
Tidlege eksperiment med dampbilar
[endre | endre wikiteksten]Verbiest (1679)
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste som er laga ein dampdriven bil tykkjest ha vore belgiaren Ferdinand Verbiest, som rundt 1680 (truleg i 1679) laga ei lita dampdriva vogn[1] med ei lengd på rundt 60 cm[2]. Dette skjedde medan han budde i Kina og vogna vart truleg laga for å imponera keisaren. Dampmaskina hadde ikkje stempel, men nytta damptrykket til å driva eit skovelhjul, som så dreiv framhjula på vogna. Verbiest let vogna køyra rundt på gardsplassen til keisarpalasset i ein times tid [3]. Vogna vart sett på som ein kuriositet og vart ikkje vidareutvikla.
Nolet (1748)
[endre | endre wikiteksten]I 1748 eksperimenterte den franske presten Nolet med eit liknande køyretøy som Verbiest[4]. På same vis som vogna til Verbiest retta Nolet òg dampstrålen mot eit skovelhjul, som så dreiv drivhjula via nedgiring i fleire trinn. Vogna til Nolet vart demonstrert i Paris i 1775[4]. Det skal finnast eit ekemplar av ei slik vogn i Karlsruhe i Tyskland.
Cognout (1769)
[endre | endre wikiteksten]I 1769 bygde den franske militæringeniøren Joseph Cugnot ein damplastebil i full skala[5]. Vogna var meint for å transportera tungt artelleri og vart kalla «la fardier de Cugnot». «Fardier» tyder ei vogn laga for å transportera svært tunge lass («fardeau»). Etter som det var eld under kjelen vart òg køyretøyet kalla «chariot à feu» (eldvogn). I motsetning til Verbiest nytta Cognout ei stempeldampmaskin, så dette ser ut til å ha vore det første køyretøyet drive av ei stempeldampmaskin. Det var òg den fyrste lastebilen i soga.
Murdock (1784)
[endre | endre wikiteksten]I 1784 monterte engelskmannen William Murdock ei dampmaskin på ei vogn, som vart kalla «Sauterelle»[6]. Motoren i vogna til Murdock var ei stempeldampmaskin (truleg produsert av Boulton and Watt) med ein vertikal sylinder. Denne vogna står no på Museum of Science and Industry i Birmingham. Murdock køyrte ei strekning på to-tre kilometer[6]. I 1791/1792 bygde Murdock fleire eksperimentelle vogner.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1679-1681. Forklift steam RP Verbiest. Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)
- ↑ Histoire de l'automobile 1464 - 1899
- ↑ Ferdinand Verbiest, La Belgique insolite, 8/8-2006.
- ↑ 4,0 4,1 1775. Eolipyle'. Arkivert 2011-07-02 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)
- ↑ Le fardier de Cugnot, Société des Ingénieurs de l'Automobile (SIA), 1989.
- ↑ 6,0 6,1 1784. Machine à vapeur de Murdock (Grande-Bretagne) Arkivert 2011-07-02 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)