Winnipeg Folk Festival

Winnipeg Folk Festival er ein årleg folkemusikk- og kunstfestival driven av ein veldedig organisasjon av same namn.[2] Festivalen blir halden i Birds Hill Provincial Park ved Winnipeg i Manitoba i Canada. Han omfattar ulike artistar og musikkstilar frå heile verda, i tillegg til mange lokale artistar.[3]

Winnipeg Folk Festival

Winnipeg Folk Festival Main Stage i 2019
Tid1974–no
StadBirds Hill Provincial Park i Winnipeg i Manitoba i Canada
DeltakararSkipa av Mitch Podolak, Colin Gorrie & Ava Kobrinsky[1]
Nettstadhttps://winnipegfolkfestival.ca/

Festivalen blei skipa av Mitch Podolak, Colin Gorrie og Ava Kobrinsky[2] i 1974 i høve hundreårsjubileet til Winnipeg. Han har vakse til ei årleg hending som kan ha over 70 000 vitjande.[4] Festivalen går føre seg den andre helga i juli. Han byrjar torsdag kveld og går fram til sundag kveld.

Organisasjonen Winnipeg Centennial Folk Festival Inc, skipar også til konsertar i Winnipeg andre delar av året, i konsertsalar som Manitoba Centennial Concert Hall, the Winnipeg Art Gallery, The Playhouse Theatre og Le Rendezvous. Han grunnla folkeminne- og utsalsstaden Home-Made Music i 1982.[1]

Podolak var artistisk leiar for festivalen frå 1974 til 1985, og henta hovudsakleg inn folkemusikarar innan ulike stilar. Frå 1986 til 1991 var Rosalie Goldstein leiar, og innførte eit meir eklektisk program med verdsmusikk, jazz, imporvisasjon, dub-poesi, rock og punk. Leiar frå 1991 var Pierre Guérin, som gjeninnførte eit meir tradisjonelt program.[1]

Konsertar ved festivalen er blitt tekne opp og send av CBC radio sidan byrjinga.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Winnipeg Folk Festival». The Canadian Encyclopedia. 7. februar 2006. 
  2. 2,0 2,1 «Winnipeg Folk Festival | The Canadian Encyclopedia». www.thecanadianencyclopedia.ca. Henta September 30, 2019. 
  3. «Winnipeg Folk Festival kicks off its 46th year». CBC News Manitoba. 
  4. «Folk Fest hit record attendance». Winnipeg Free Press. 

Bakgrunnsstoff

endre

50°02′01″N 96°52′48″W / 50.0335°N 96.8801°W / 50.0335; -96.8801