Torpor
Torpor er nattleg og mellombels hypotermi med redusert fysiologisk aktivitet hos dyr, vanlegvis prega av redusert kroppstemperatur og metabolsk fart.[1] Torpor medverkar til å spare energi og gjer det mogleg for dyr å overleve periodar med redusert tilgjenge av føde.[2]
Omgrepet torpor kjem frå latin torpēre og tyder 'kjenslelaus', 'lamma', 'fråvære av energi', 'likesæle'.[3]
Dyr som går gjennom dagleg torpor inkluderer fuglar, til og med små kolibriar,[4][5] og nokre pattedyr, inkludert mange pungdyrartar,[6][7] gnagarar som mus, og flaggermus.[8] I løpet av den aktive delen av døgnet held slike dyr normal kroppstemperatur og aktivitetsnivå oppe, men den metabolske farten deira og kroppstemperatur fell i løpet av ein del av døgnet, vanlegvis natta, for å spare energi.
Nokon dyr går sesongmessig inn i lange periodar med inaktivitet, med redusert kroppstemperatur og metabolisme, som består av fleire torporanfall. Dette er kjent som dvalemodus viss det oppstår om vinteren eller aestivering viss det skjer om sommaren. Dagleg torpor, på den andre sida, er ikkje sesongavhengig og kan vere ein viktig del av energisparing når som helst på året.
Torpor er ein godt kontrollert termoreguleringsprosess og ikkje, som tidlegare trudd, eit resultat av å slå av termoreguleringa.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Torpor» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2023
- Referansar
- ↑ «Torpor». mn.uio.no. Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo. 21. desember 2022. Henta 29. mai 2023.
- ↑ Moen Kaste, Anders (7. mars 2021). «Hvorfor går dyr i dvale?». forskning.no. forskning.no. Henta 29. mai 2023.
- ↑ «torpor». merriam-webster.com. Merriam-Webster Dictionary. Henta 29. mai 2023.
- ↑ Hainsworth, F. R.; Wolf, L. L. (17 April 1970). «Regulation of Oxygen Consumption and Body Temperature during Torpor in a Hummingbird, Eulampis jugularls». Science 168 (3929): 368–369. Bibcode:1970Sci...168..368R. PMID 5435893. doi:10.1126/science.168.3929.368.
- ↑ «Hummingbirds». Migratory Bird Center, Smithsonian National Zoological Park. Arkivert frå originalen 14. februar 2008.
- ↑ Geiser, F (1994). «Hibernation and Daily Torpor in Marsupials - a Review». Australian Journal of Zoology 42 (1): 1. doi:10.1071/zo9940001.
- ↑ Stannard, H.J.; Fabian, M.; Old, J.M. (2015). «To bask or not to bask: Behavioural thermoregulation in two species of dasyurid, Phascogale calura and Antechinomys laniger». Journal of Thermal Biology 53: 66–71. PMID 26590457. doi:10.1016/j.jtherbio.2015.08.012.
- ↑ Bartels, W.; Law, B. S.; Geiser, F. (7 April 1998). «Daily torpor and energetics in a tropical mammal, the northern blossom-bat Macroglossus minimus (Megachiroptera)». Journal of Comparative Physiology B: Biochemical, Systemic, and Environmental Physiology 168 (3): 233–239. PMID 9591364. doi:10.1007/s003600050141.
- ↑ Geiser, Fritz (March 2004). «Metabolic Rate and Body Temperature Reduction During Hibernation and Daily Torpor». Annual Review of Physiology 66 (1): 239–274. PMID 14977403. doi:10.1146/annurev.physiol.66.032102.115105.