Sognesjøen er den ytste delen av Sognefjorden som ligg mellom Gulen i sør og Solund i nord. Fjordstykket har ei lengd på om lag 35 km og strekk seg frå holmane Storesvalene nord for Holmengrå fyr og inn til Tollesundet ved kommunegrensa til Hyllestad. Begge sidene av fjorden er prega av mange øyar og holmar.
Verksemda Wergeland-Halsvik AS ligg under morselskapet Wergeland Holding, saman med Fjordgass AS og Repparfjord Eiendom AS. Sistnemnde er lokalisert i Kvalsund kommune i Finnmark. Under Wergeland Holding finst òg dei deleigde selskapa SF Gass AS, Safeport AS og Solund Verft AS. Wergeland-Halsvik er også eigarar av Eivindvik Fjordhotell.