Scarlet Rivera (fødd i 1950 som Donna Shea) er ein USA-amerikansk fiolinist. Ho er mest kjend for samarbeidet med Bob Dylan, særleg på albumet Desire og som ein del av Rolling Thunder Revue.

Scarlet Rivera

Fødd1950[1]
FødestadChicago i Illinois i USA
FødenamnDonna Shea[1]
OpphavUSA
AktivSidan 1975
SjangerRock, keltisk, new age, verdsmusikk
InstrumentFiolin
Tilknytte artistarBob Dylan
Rolling Thunder Revue
Ritual
PlateselskapBci / Eclipse Music
Verka somfiolinist, filmskodespelar, komponist

Dylan skal ha oppdaga Rivera før øvinga hans for Rolling Thunder Revue-turneen i 1975. Etter ei øving med ho, inviterte Dylan ho med på turneen. Rivera har sidan gjeve ut musikk på eiga hand, ofte innan forskjellige stilartar. Ho har òg spelt med Tracy Chapman, Indigo Girls, Kori Linae Carothers, Keb Mo og andre.

Diskografi

endre
  • Scarlet Rivera (Warner Bros., 1977)
  • Scarlet Fever (Warner Bros., 1978)
  • Celtic Dreams (Bci/Eclipse Music, 1998)
  • Celtic Myst (Bci/Eclipse Music, 1998)
  • Behind the Crimson Veil – Scarlet Rivera and Tommy Eyre (Bci/Eclipse Music, 1999)
  • Celtic Spirit (Bci/Eclipse Music, 1998)[2]
  • Classic Christmas [treng kjelde]
  • Voice of the Animals (Scarlet Rivera, 2000)
  • Journey with an Angel (Echo Sonic, 2003)[3]
  • Magical Christmas (Bci/Eclipse Music, 2004)
  • A New Map of the World (DISCONFORME SPAIN, 2004) by Ritual (Uruguay)

Med Bob Dylan

endre

Med Peter Maffay

endre
  • Sonne in der Nacht - 1. Diese Sucht die Leben heißt (LP, CD, video, DVD, 1984) (WEA Musik)

Med Dee Dee Bridgewater

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jerome, Jim. «Bob Dylan Spotted Scarlet Rivera on the Street, the Rest Is Rock History». people.com. People Magazine. Arkivert frå originalen 7. august 2016. Henta 13. juli 2017. 
  2. Apple Inc. "Celtic Spirit", 7. januar 2010. Accessed 7. januar 2010.
  3. Apple Inc. "Journey With An Angel", 7. januar 2010. Accessed 7. januar 2010.

Bakgrunnsstoff

endre