Psykose
Psykose er ein mental helsetilstand. Ein psykose er ein tilstand der pasienten si evne til å vurdere verkelegheita av det han opplever er alvorleg forstyrra.
Hos ein psykotisk pasient kan ein ofte observere symptom som hallusinasjonar, vrangførestillingar, språk, tanke- og kontaktforstyrringar, i tillegg til følelses- og humørsvingingar. Pasienten har ofte sjølv ikkje ei oppleving av å vere sjuk.