Potensiometer
Eit potensiometer er ein motstand med variabel motstandsverdi. Verdien vert stilt inn manuelt ved hjelp av ein skruknapp, ein spake eller liknande. Potensiometer er vanleg å bruka i heimen, til dømes for regulering av elektriske varmeomnar, lysstyrke, lydstyrke på fjernsyn og radio, varmetrådane på ein brødristar osb.
Ein reostat er ei eldre nemning på ein regulerbar motstand.