Pionerskij
(Omdirigert frå Pionerskij i Kaliningrad oblast)
Pionerskij (russisk Пионе́рский, tysk Neukuhren, litauisk Naujieji Kuršiai) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 30 km nordvest for Kaliningrad.
Pionerskij Пионерский | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1254 1946 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
11 732 | |
Koordinatar | 54°57′N 20°13′E / 54.950°N 20.217°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 = 40155 |
Han vart grunnlagt av Den tyske riddarordenen i 1254 som Neukuhren. Etter den andre verdskrigen vart han annektert av Sovjetunionen. Den tyske folkesetnaden vart utvist og erstatta med russarar. I 1946 fekk han bystatus og namnet vart endra til Pionerskij, etter organisasjonen Unge pionerar av Sovjetunionen.
Den vesle hamna i byen, som tidlegare mest vart nytta av fiskeflåten, er no mykje nytta av seglbåtar og til strandturisme.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Pionerskij» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.