Otto Øgrim
Johan Otto Øgrim (1. oktober 1913–6. desember 2006) var ein norsk fysikar og forfattar. Han vart saman med Helmut Ormestad rikskjent gjennom NRK-programserien Fysikk på Roterommet.
Otto Øgrim | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1913 | ||
---|---|---|---|
Død | 6. desember 2006 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Tron Øgrim, Leikny Øgrim |
Dei to skreiv òg saman med Kåre Lunde eit mykje brukt fysikkverk for vidaregåande skule kalla Rom Stoff Tid, som dei tre vann Cappelenprisen for i 1983.
Øgrim var i mange år tilsett som universitetslektor i fysikk ved Universitetet i Oslo. Han er forfattar og medforfattar av ei rekkje bøker om fysikk, mellom anna i samband med Roterommet-serien, skulebøker og målestandardar.
Øgrim var son av Tobias Immanuel Øgrim, som mellom anna var leiar for Frelsesarmeen i Noreg. Otto Øgrim var far til forfattaren Tron Øgrim, og professor Leikny Øgrim. Han var bestefar til rapparane Elling og Aslak Borgersrud i Gatas Parlament, og til journalist og politikar Liv Gulbrandsen.
Under andre verdskrigen var Øgrim eit sentralt medlem i den norske etterretningsorganisasjonen XU, der han gjekk under kallenamna «Nr. 8» og «Jørgen».[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Otto Øgrim» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Aftenposten 27. desember 2006, nekrolog