Order of Canada eller Ordre du Canada (norsk Canadaordenen) er den høgaste sivile utmerkinga i Canada etter Order of Merit, som den kanadiske monarken delar ut personleg.

Ordensteikna for dei tre klassane er utstyrte med band av ulik utforming.

Ordenen blei oppretta 1. juli 1967 for å heidra kanadiarar som har bidrege til store endringar for Canada. Ordenen kan også delast ut som anerkjenning av innsatsen til ikkje-kanadiarar som har skapt ei betre verd. Musikarar, politikarar, artistar, TV- og filmstjerner, personar som har gjort ein velgjerande innsats og mange andre har fått medlemskap i ordenen.

Politikaren Hazel McCallion med ordenen.

Monarken av Canada er ordensherre, og generalguvernøren av Canada er ordenskanslar og fyrste Companion.[1]

Ordenen er delt inn i tre klassar:[2]

  • Companion (Companions of the Order of Canada, forkorta CC)
  • Officer (Officers of the Order of Canada, forkorta OC)
  • Member (Members of the Order of Canada, forkorta CM)

Ordensteikna for Order of Canada er utforma som eit stilisert snøkrystall i kvit emalje. Midtmedaljongen har eit canadisk lønneblad mot kvit bakgrunn, det heile er omgitt av ei raud bord der mottoet til ordenen er innskrive: «DESIDERANTES MELIOREM PATRIAM» (‘dei ønskjer eit betre land’). Medaljongen er krona av St. Edvards krone. For lågaste grad er lønnebladet i sølv emalje, for offiserar i gull og for høgaste grad i raud emalje. Mottoet er skrive i sølvbokstavar for lågaste grad og i gull for dei to andre. Ordensteikna er elles i hovudsak like for dei tre gradene, men blir borne på ulik måte i band av ulik utforming. Ordensbandet er kvitt med breie, raude kantstriper. Fargane er henta frå det kanadiske flagget.[2]

Ordensherren har eit eige embetsteikn besett med diamantar, rubinar, smaragdar og safirar. Ordenskanslaren ber, som embetsteikn, insignia for ein companion.

Kjelder

endre
  1. General, The Office of the Secretary to the Governor. «Order of Canada» (på engelsk). The Governor General of Canada. Henta 18. oktober 2017. «Motto and Levels: The Order of Canada’s motto is DESIDERANTES MELIOREM PATRIAM (They desire a better country). Her Majesty The Queen is the Sovereign of the Order, and the governor general is the chancellor and Principal Companion of the Order.» 
  2. 2,0 2,1 «Order of Canada» (på engelsk). The Office of the Secretary to the Governor General. Henta 18. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Order of Canada