Menorca
Menorca (latinsk Balearis Minor, seinare Minorica «den vesle øya») er ei øy i Balearane i Middelhavet høyrer i Spania. Ho har fått namnet sitt frå at ho er mindre enn naboøya Mallorca.
Menorca | |
---|---|
Flagget til Menorca | |
Geografi | |
Stad | Middelhavet |
Koordinatar | 39°58′N 4°05′E / 39.967°N 4.083°E |
Øygruppe | Balearane
|
Areal | 694,39 km² km²
|
Høgaste punkt | Monte Toro (358 m moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Spania |
Provins | Balearane |
Største busetnad | Mahon (27 468 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 88 434 (2006) |
Folketettleik | 127,4 /km² |
Menorca har om lag 80 000 innbyggjarar. Det høgaste punktet er El Toro eller Monte Toro og er 358 meter over havet.
Historie
endreØya er kjend for fleire megalittiske steinmonument som syner at det har vore menneske her særs lenge. Somme av dei tidlegaste kulturane på Menorca var påverka av andre kulturar i Middelhavet, som den minoiske kulturen på Kreta. Til dømes nytta dei gipsa tømmersøyler som i Knossos.[1]
Mot slutten av punarkrigane auka sjørøveriet i den vestlege delen av Middelhavet. Den romerske republikken erobra Hispania og handelen mellom Den iberiske halvøya og Den italienske halvøya auka. Sjørøvarar tok nytta av den strategiske plasseringa til Balearane og gjekk til åtak på romarane frå både Menorca og Mallorca. Som reaksjon på dette invaderte romarane Menorca. I 121 f.Kr. var begge øyane under romersk kontroll og vart seinare innlemma i provinsen Hispania Citerior.
I 13 f.Kr. omorganiserte keisar Augustus provinssystemet og Balearane vart ein del av provinsen Tarraconensis. Den gamle byen Mago vart gjort om frå ein kartagisk by til ein romarby.[2]
Vandalar erobra øya på 400-talet. Austromarriket erobra ho tilbake i 534. Etter at maurarane erobra Spania vart Menorca annektert til kalifatet Cordoba i 903 og fekk namnet Manûrqa. I 1231, etter at kristne styrkar gjenerobra Mallorca, vart Menorca ein sjølvstendig islamsk stat, men underordna kong Jakob I av Aragon. Øya vart først styrt av Abû 'Uthmân Sa'îd Hakam al Qurashi (1234–1282) og så av sonen Abû 'Umar ibn Sa'îd (1282–1287). Aragon invaderte øya 17. januar 1287, ført av Alfonso III, og dette vert i dag feire som ein nasjonaldag på Menorca. Dei fleste av dei muslimske innbyggjarane på øya vart gjort til slavar og seld på slavemarknadane på Ibiza, Valencia og Barcelona. Fram til 1344 var øya ein del av Kongedømet Mallorca, som òg var ein vasallstat under Aragon. Dette vart annektert til Aragon og seinare ein del av det samle kongedømet Spania. På 1500-talet øydela den tyrkiske marinen Maó og det som då var hovudstaden, Ciutadella.
Britisk hundreår
endreDen britiske marinen erobra øya i 1708 under den spanske arvefølgjekrigen og Menorca vart så britisk. Overføringa til Storbritannia vart stadfesta med Utrecth-traktaten. Under guvernøren General Richard Kane vart hovudstaden på øya flytta til Maó og det vart bygd ein marinebase her. Under sjuårskrigen klarte ikkje ein britisk skvadron å stoppe ei fransk omleiring av Menorca og den 20. mai 1756 vart admiral John Byng dømd for krigsrett og avretta. Denne hendinga, slaget ved Menorca, markerte starten på sjurårskrigen i Europa. Trass i nederlaget heldt britane ut lenge, men garnisonen måtte til slutt kapitulere og fekk vende fritt attande til Storbritannia den 29. juni same året. Paristraktaten av 1756 gjorde likevel at britane fekk halde på Menorca. Under den amerikanske sjølvstendekrigen vart britane slått nok ein gong på Menorca av ein samle fransk-spansk styrke. Dei invaderte øya etter ei lang omleiring av St. Philip's Castle den 5. februar 1782. Meorca vart gjenerobra av britane i 1798 under dei franske revolusjonskrigane, men med Amiens-traktaten vart øya endeleg og permanent avstått til Spania i 1802. Spor av britane er framleis synlege i den lokale arkitekturen.
Moderne tider
endreUnder den spanske borgarkrigen var Menorca lojale til republikanarane, medan resten av Balearane støtta nasjonalistane. Det var ingen kamphandlingar på Menorca, bortsett frå nokre luftåtak av italienske luftstyrkar. Etter at nasjonalistane vann i 1939 deltok britane fredeleg i evakueringa av styresmaktene på Menorca.
I oktober 1993 vart Menorca erklært eit biosfærereservat av UNESCO.
Kommunar
endreDei største byane er Maó og Ciutadella. Øya er administrativt delt inn i desse kommunane:
- Ciutadella - tidlegare hovudstad på Menorca.
- Ferreries
- Es Mercadal
- Es Migjorn Gran
- Alaior
- Cala En Porter - turistområde
- Maó (katalansk Maó, spansk Mahón), vart hovudstaden på grunn av den strategisk plasseringa til hamna
- Es Castell - grunnlagd av britane og opphavleg kalla Georgetown.
- Sant Lluís - grunnlagd av franskmennene
Galleri
endre-
Cales-grottene på Menorca.
-
Landsbygda på Menorca
-
Ruinar av eit fyr i Alcaufar på Menorca
-
Cala Galdana
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Minorca» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Burns, Robert I. (1990) «Muslims in the Thirteenth Century Realms of Aragon: Interaction and Reaction»", s.67, I: Powell, J.M. (red.) Muslims under Latin Rule, 1100–1300, s. 57–102, Princeton University Press. ISBN 0-691-05586-6.
- ↑ C. Michael Hogan (2007) Knossos fieldnotes, The Modern Antiquarian
- ↑ Henry Christmas, The Shores og Islands of the Mediterranean, Published 1851, R. Bentley
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av Menorca Arkivert 2019-04-02 ved Wayback Machine.
- Styresmaktene på Menorca
- Biosfærereservatet Arkivert 2006-10-10 ved Wayback Machine.
- Minorca av David Wilson Taylor Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.