Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 (MGP jr. Nordic 2008) var den fjerde gongen Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert. Konkurransen vart halden i Musikhuset i Århus i Danmark. Finalen fann stad laurdag 29. november. Noreg vann konkurransen med den norsk-samiske songen «Oro jaska beana», framført av The BlackSheeps.

Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008
Finale 2008-11-2929. november 2008
Programleiarar Signe Lindkvist
Jacob Riising
Kringkasting Flagget til Danmark DR
Vinnar Flagget til Noreg «Oro jaska beana»
Deltakarland 4
Melodi Grand Prix Junior Nordic
2007 2009

Organisering

endre

Kvart land deltok med to songar, og éin song frå kvart av dei gjekk vidare til «Superfinalen». Det vart «Footboys» frå Finland, «The BlackSheeps» frå Noreg, «Jonna» frå Sverige og «The Johanssons» frå Danmark. I «Superfinalen» stemte sjåarane igjen på desse 4 songane, og til slutt stod «The BlackSheeps» frå Noreg igjen som vinnar etter å ha fått flest stemmar frå alle land.

Bidraga

endre

Finale

endre
  • Finalen vart halden den 29. november 2008 i Musikhuset.
Nr. Land Artist Song Språk Resultat
1.   Danmark The Johanssons «En for alle, alle for en» Dansk Superfinale
2.   Noreg The Battery «Tenke nå» Norsk Ute
3.   Sverige Linn Eriksson «En sång från hjärtat» Svensk Ute
4.   Finland Footboys «Fotboll» Svensk Superfinale
5.   Danmark Sandra Monique «Hola chica» Danske, spansk Ute
6.   Noreg The BlackSheeps «Oro jaska beana» Norsk, samisk Superfinale
7.   Sverige Jonna Torstensson «Kommer jag våga» Svensk Superfinale
8.   Finland Big Bang! «Här är vi» Svensk Ute

Superfinale:

endre
Nr. Land Artist Song Språk Poeng
2.   Danmark The Johanssons «En for alle, alle for en» Dansk 90
4.   Finland Footboys «Fotboll» Svensk 70
1.   Noreg The BlackSheeps «Oro jaska beana» Norsk, samisk 164
3.   Sverige Jonna «Kommer jag våga» Svensk 76