Ludvig II av Bayern
Ludvig II (25. august 1845–13. juni 1886) var konge av Bayern frå 1864 til 1886.
Ludvig II av Bayern | |||
| |||
Fødd | 25. august 1845 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Schloss Nymphenburg | ||
Død | 13. juni 1886 | ||
Dødsstad | Starnberger See | ||
Gravstad | St. Michael | ||
Dynasti | Huset Wittelsbach | ||
Far | Maximilian II. Joseph | ||
Mor | Marie av Preußen |
Ludvig var rik på evner, men vart stadig meir lunefull og menneskesky. Han fekk bygt fleire praktfulle slott, mellom dei Herrenchiemsee og det fabelaktige alpeslottet Neuschwanstein, utan omsyn til at statsgjelda steig. Han var elles ei sterk støtte til Richard Wagner.
Ludvig sin innfall vart så bisarre at dei måtte kom av sinnssjukdom, så i 1886 vart ein regent sett i staden. Ludvig vart ført til slottet Berg ved Starnberger See, der han drukna i innsjøen.
Kjelder
endre- «Ludvig II av Bayern» i Store norske leksikon, snl.no.