Locarnoavtalen
Locarnoavtalen var ein fleirdelt internasjonal avtale, inngått i 1925, som skulle sikre fred mellom dei sju statane som skreiv under på dei til saman sju avtalane det vart forhandla om i den sveitsiske byen Locarno.
Forhandlingane mellom dei fem statane Belgia, Frankrike, Italia, Storbritannia og Tyskland gjekk føre seg i Locarno i Sveits i perioden 5. oktober–16. oktober 1925. Den formelle underskrivinga av avtalane fann stad i London 1. desember same året.
Locarnoavtalen kom i stand for å sikre freden i Europa. Avtalen garantererte at grenselinjene mellom Tyskland og dei to grannelanda Belgia og Frankrike skulle halde fram å vere slik dei vart fastlagde ved fredsslutninga i Versailles i 1919. Locarnotavtalen garanterte også at Rhinland skulle vere ei demilitarisert sone. Dei to landa, Storbritannia og Italia, gjekk inn som garantistar for avtalen. Alle statane som skreiv under lova å hjelpa den parten som fekk krenkt grensene sine, utan omsyn til kven som braut avtalen.
På same tid vart det inngått skilsdomsavtalar mellom Tyskland på den eine sida og kvart av grannelanda Belgia, Frankrike, Polen og Tsjekkoslovakia. Frankrike, som var alliert med både Polen og Tsjekkoslovakia, nya opp att allianseavtalane med desse to landa.
I 1926 (prisen for 1925) vart Nobels fredspris gjeven til ein av initiativtakarane til avtalen, Austen Chamberlain. I 1926 (prisen for 1926) vart prisen gjeven til to andre nøkkelpersonar i avtalen; Gustav Stresemann og Aristide Briand.
Avtalen sikra stabilitet mellom avtalelanda fram til 1936. 7. mars 1936 braut Tyskland avtalen då Adolf Hitler, utan varsel, sende militære styrkar inn i dei tyske områda vest for Rhinen. Grannelanda protesterte på det sterkaste, men ingen av avtalepartane etterlevde avtaleteksta.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957